Month: mai 2015

Kjerneoppgåvene og førstelinjetenesta i kyrkja må prioriterast

Posted on Updated on

Den norske kyrkja er inne i omfattande reformprosessar. Den største og kanskje viktigaste reforma no er arbeidet med ei framtidig kyrkjeordning, i samband med at kyrkja får ei meir sjølvstendig stilling i høve til staten. Dette inneber ei verksemdsoverdraging og etablering av eit nasjonalt kyrkjeleg rettssubjekt. I denne prosessen skal det gjerast viktige vegval for framtida. Tildels er det snakk om vanskelege val som vi eigentleg ikkje veit konsekvensen av. «Veivalg for fremtidig kirkeordning» er ute på ei omfattande høyring. For meg er to omsyn avgjerande når det gjeld dei vegvalet kyrkja skal ta. For det eine må vi sikre ei kyrkjeordning for folkekyrkja. Det inneber at vi sikrar ordningar som støttar opp under ei kyrkje som er open og inkluderande. Berre slik kan Den norske kyrkja framstå som folkets kyrkje.

Rønvik_kirke
Rønvik kyrkje, Bodø

Ei folkekyrkje føreset av folks eigne røynsler og liv får stå i sentrum, blir tolka og få ein himmel over seg. For det andre er det avgjerande å sikre maktfordeling innanfor kyrkjeordninga. Ei framtidig kyrkjeordning må medverke til ei rimeleg mynde- og oppgåvefordeling mellom ulike nivå og strukturar i kyrkja. Gjennom verksemdoverdraginga frå staten til kyrkja blir mynde konsentrert  i Kyrkjemøtet. Mynde som til no har vore fordelt på regjering, Storting, departement og Kyrkjemøte blir overført til Kyrkjemøtet. Dette inneber ein maktkonsentrasjon på nasjonalt nivå i kyrkja, uten at ein i same grad som tidlegare har organ som balanserer og korrigerer kvarandre. I arbeidet med ei ny kyrkjeordning må maktfordelinga iveratakast.

I denne reformprosessen treng vi å reflektere over kva som faktisk er naudsynt for å vere kyrkje, kva som er grunnleggjande og umisteleg. Luthersk kyrkjetenking legg vekt på lokalkyrkja, «de helliges forsamling i hvilken evangeliet læres rett og sakramentene blir rett forvaltet” (CA VII). CA IV framhevar rettferdiggjeringa ved tru ålene, og for at vi skal kome fram til denne trua, seier CA,  «er det innsatt en tjeneste med å lære evangeliet og meddele sakramentene» (CA V). Prestetenesta er ein funksjon av evangeliet – og derfor umisteleg for kyrkja. Fordi kyrkja «skjer» i lokalkyrkjelyden, er det viktig at den kyrkjeleg strukturen medverkar til å støtte opp opp om lokalkyrkjelyden, kyrkja si ”førstelinjeteneste”.

Eit av spørsmåla i høyringsdokumentet om vegval for ei framtidig kyrkjeordning lyder: Korleis kan kyrkjestrukturen forenklast for at knappe ressursar kan bli rasjonelt utnytta? Her er det all grunn til å påtale den aukande kyrkjelege byråkratiseringa, særleg på sentralt nivå. Byråkratiet genererer arbeid nedover i systemet. Kontrollrutinar blir utvida, det blir stadig fleire og meir omfattande krav til rapporteringar. Byråkratiseringa er med å å fjerne menneske og andre ressursar frå den kyrkjelege førstelinjetenesta. Derimot treng vi å prioritere dei kyrkjelege kjerneoppgåvene, der kyrkja møter menneska. Forenkling og rasjonalisering kan med fordel skje i det sentrale kyrkjelege byråkratiet.

Målmedviten innsats for rekruttering til kyrkjeleg teneste

Posted on Updated on

Sør-Hålogaland bispedømme og Den norske kyrkja som heilskap har klare utfordringar når det gjeld rekruttering til dei kyrkjelege tenestene. Til dømes er 60 prosent av prestane over 50 år. Den norske kyrkja er inne i eit generasjonsskifte, og utdanningsinstitusjonane utdannar ikkje nok kandidatar til å dekkje behovet. Det inneber mangel på kompetent arbeidskraft. Som ei løysing kan vere fristane å fire på kompetansekrava. Men det er ei dårleg løysing. Meir enn nokon gong treng kyrkja kompetente og sjølvstendige fagtilsette. Eit viktig tilskott kan vere utanlandske medarbeidarar. Men framfor alt krev situasjonen ei planmessig satsing på rekruttering. Kyrkjerådet har oppretta eit eige prosjekt på feltet med ei eiga stilling. Denne rekrutteringssatsing skjer i eit samarbeid med utdanningsinstitusjonane.

borge-kirke
Borge kyrkje, Lofoten

Folkekyrkja er avhengig av ei brei rekruttering. På alle nivå i kyrkja må det setjast fokus på rekrutteringsarbeidet – frå lokalkyrkjelyden til dei nasjonale sentralorgana.  Dersom eg blir biskop i Sør-Hålogaland, vil eg prioritere innsatsen for auka rekruttering. Vi må ha ei brei tilnærming til feltet. Blant anna vil det òg frå bispedømmets side vere viktig med eit målmedvite samarbeid med utdanningsinstitusjonane og å vere i rapport med satsinga som no skjer i Kyrkjerådet.

Den lutherske kyrkja reknar lokalkyrkjelyden som grunneining. Kyrkja finn stad der evangeliet blir forkynt og sakramentforvaltinga. Kyrkja er til stades i denne samlinga om «dei heilage tinga». Kyrkja framstår som synleg storleik som lokalkyrkjelyd. Vi må prioritere rekrutteringa til lokalkyrkjelydens tenester. Det er i «førstelinjetenesta» at kyrkja møter folket og er folkekyrkje i genuin mening. Derfor har vi òg som kyrkje ein jobb å gjere når det gjeld å motivere til teneste nett i lokalkyrkjelyden

.

Kontinuitet og fornying

Posted on Updated on

Det sentrale oppdraget til kyrkja er å forkynne evangeliet om Jesus Kristus til nye menneske og generasjonar. Det stadige utfordringa er å vere tru mot dette oppdraget under skiftande tider og vilkår. Dette krev vilje og evne til fornying. Kyrkja blir berre opplevd som relevant om ho er i stand til å lytte seg inn til og å tolke samtidas menneske si livskjensle. Som ein tradisjonsorientert organisasjon må Den norske kyrkja finne ein fruktbar balanse mellom kontinuitet og fornying.

Oslo 200805Barnedåp i statskirken. Barn bæres til dåpen. Presten heller vann over barnets hode. Døpefont. Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIXNB! Modellklarert
Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

Den norske kyrkja er inne i omfattande endringsprosessar knytt til store reformer. Mykje i desse prosessane er framleis ikkje avklara. Kyrkja må finne sin veg i eit endra landskap. Eg ser det som ei utfordring å få til gode ordningar for kyrkjelydar og tilsette.

Feltet religion er i endring i Noreg. Det norske samfunnet har vorte multireligiøst. Med stadig større rett kan vi snakke om ein religiøs marknad der tilboda er mange. Religionsmangfaldet medverkar til å endre vilkåra for Den norske kyrkja. Ikkje minst utfordrar det til dialog over trus- og livssynsgrensene. Samstundes som religionsmangfaldet aukar, blir kyrkja utfordra av ein framveksande sekulær kultur, som stilles spørsmålet om tru overhovudet er mogleg. Menneskelivet blir sett på som sjølvtilstrekkeleg. Gud er ikkje naudsynt for å skape meining i tilveret.

At kristen tru på denne måten ikkje er eit sjølvsagt val, utfordrar det den kyrkjelege verksemda. Kyrkja kan ikkje i same grad som tidlegare stole på tradisjon og felles åtferd frå befolkninga si side. Vi kan sjå tendensar til religiøs tradisjonsforvitring, noko den generelle nedgangen i dåpstala kan tolkast som uttrykk for. Kyrkja treng å arbeidde målmedviten med denne problematikken i tida som kjem.

Bispekandidat i Sør-Hålogaland

Posted on Updated on

Frå TFs heimesider:
Hallgeir Elstad en av 5 nominerte til ny biskop i Sør-Hålogaland

Bispedømmerådet i Sør-Hålogaland ferdigstilte 4. mai sin liste over nominerte til bispestolen i Sør-Hålogaland. To av de 5 nominerte har sin utdanning fra TF.

I tillegg til Hallgeir Elstad har Kari Veiteberg tatt sin utdanning på TF. De tre siste nominerte er Olav Rune Ertzeid, Ann-Helen Fjeldstad Jusnes og Kristine Sandmæl.

På kirken.no kan vi lese at leder av Sør-Hålogaland bispedømmeråd, Marit Hermstad, konstaterer at de har fem gode kandidater på listen. Hun fremhever også at listen er historisk med tre kvinner blant de nominerte.

Bodø_domkirke_001
Bodø domkyrkje, interiør

Glad for nominasjon

Hallgeir Elstad forteller at han synes det er veldig hyggelig å bli nominert. Han ser frem til en spennende prosess fremover.

-Det er selvsagt ekstra hyggelig å bli nominert i akkurat Sør-Hålogaland, som er bispedømmet jeg selv kommer fra, sier Elstad i en kommentar til nominasjonen.

Han har i mange år hatt god kontakt med bispedømmet, og har tilbrakt mange somre i Lofoten som vikarprest.

Hallgeir Elstad tok profesjonsstudiet i teologi ved Det teologiske fakultet, før han i 1990 ble ordinert i Borge kirke i Lofoten. Elstad ble ansatt som doktorgradsstipendiat i 1992, og tok sin doktorgrad i teologi i 1998. Siden 1999 har han vært ansatt som førsteamanuensis og senere professor i norsk kirkehistorie. Han har de siste 3 årene vært prodekan ved fakultetet.

Avgjøres til høsten

Tilsettingsprosessen vil nå fortsette frem til høsten. Prosessen i bispedømmerådet startet allerede i februar, og det kom inn hele 56 navneforslag når de startet innhentingen av navn på aktuelle kandidater.  Frem til 27. mai er det også mulig med tilleggsnominasjoner.

De stemmeberettigede kan avgi sine stemmer mellom 1. juni og 13. august. 14. august offentliggjør så Kirkerådet resultatet. Dette valget er rådgivende, og Kirkerådet skal tilsette ny biskop i sitt møte i Bodø 16.-18. september. Den nye biskopen innsettes i januar 2016.

Les mer om nominasjonen på kirken.no.