Month: oktober 2015

Nathan Söderblom og Stockholm 1925

Posted on Updated on

Litt forseinka, men likevel: Denne gongen vil eg minne om at det i august var 90 år sidan nesten 700 delegatar frå 37 land og frå ulike kristne kyrkjesamfunn kom saman til ein konferanse i Stockholm. Initiativet til dette økumeniske møtet, på engelsk: World Conference of Life and Work, var teke av den svenske erkebiskopen Nathan Söderblom. Opninga av Stockholmsmøtet fann stad i Storkyrkan 19. august 1925. Møtet gjekk føre seg over 11 dagar med eit tettpakka program, til 30. august.

qd35ucqipvsgltii5alh
Erkebiskop Nathan Söderblom hadde invitert til Stockholmsmøtet 1925. Han var møtets sentrale person. Her fotografert ved eit høve under konferansen.

Den romersk-katolske kyrkja var ikkje representert ved konferansen. Det som vekte størst merksemd, var det ortodokse nærveret. Patriarken Photios av Alexandria var til stades saman med fleire metropolittar.

Söderblom blir rekna som ein av dei store økumenar. Han var oppteken av at verdas kyrkjer måtte snakke saman. Som føremål for det store kyrkjemøtet var den svenske erkebiskopen oppteken av at det skulle leggje grunnlaget for ein felleskyrkjeleg innsats for å fremje fred og sosial rettferd. Det var ikkje meir enn sju år sidan verdskrigen var slutt. Krigen hadde ført verda inn i ei djup krise, kulturelt og økonomisk. Kvar gjekk vegen for framtida? For Söderblom var den einaste moglege vegen at kyrkja måtte engasjere seg i samfunnsproblema. Kristen handling i og for verda var ein integrert del av evangeliet om Jesus Kristus. Stockholmsmøtet medverka til å vekkje kyrkjene sitt medvit med omsyn til utfordringane som det moderne industrisamfunnet reiste. Kyrkja hadde ei plikt til å engasjere seg.

Dette gjaldt naturleg òg arbeidet for fred. Stockholmsmøtet adresserte kravet om ein ny verdsorden. Konfliktane mellom nasjonalstatane måtte ein freiste å overvinne. Konferansen slutta opp om arbeidet om ein internasjonal rettsorden, og støtta Folkeforbundet. Slik Söderblom såg det, skulle Life and Work-rørsla gje sjel til Folkeforbundet.

For Söderblom var kyrkja overnasjonal, universell. Ut frå dette meinte han at ulike kyrkjesamfunn hadde eit kall til å kjempe mot all usunn nasjonalisme, militarisme, rasisme og undertrykking av minoritetar. Det kristne kjærleiksbodskapet hadde dessutan potensial til å skape ein veldig kristen opinion for fred som ikkje var bunden av landegrenser. For dette kristne fredsarbeidet fekk Nathan Söderblom Nobels Fredspris i 1930.

Mest av alt ønskte Söderblom at møtet i Stockholm skulle føre til ei åndeleg fornying av ei verd som var herja av krig, motsetnader og nasjonalisme. Det stod om meir enn den einskilde si frelse. Det stod om den kristne sivilisasjonen og heile verda si redning. Dette kunne den økumeniske rørsla medverke til – gjennom dei kristne sin synlege einskap.

Stockholmsmøtet er i høgste grad aktuelt 90 år etter. Einskapen mellom kristne, arbeidet for fred og rettferd, er meir viktig enn nokon gong.

UKM i Bodø 2015 – med fokus på rekruttering

Posted on Updated on

Denne helga og fram til tysdag 6. oktober er det Ungdommens kyrkjemøte (UKM) i Nordlands hovudstad Bodø. Eg var gjest frå Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo på opningsdagen fredag 2. oktober og første delen av laurdagen.

UKM er eit nasjonalt organ som er sett saman av to ungdomsdelegatar frå kvart bispedømme og éin frå kvar av dei friviljuge organisasjonane. Her kan unge i kyrkja drøfte og uttale seg i aktuelle saker. I 1993 var første gongen UKM vart gjennomført. UKM har vist seg som ein viktig premissleverandør for å diskutere sentrale spørsmål i Den norske kyrkja.

IMG_0780
Frå opningsgudstenesta for UKM i Bodø domkyrkje fredag kveld. Nattverds- og bønnevandring.

Årets UKM i Bodø har mange viktige saker på dagsordenen. Hovudtemaet er ”Meir himmel på jorda”, som er visjonen for Den norske kyrkja. Av sakene på sakskartet saksar eg:

  • Kalt til å kalle
  • Religionsdialog
  • Ungdomsdiakoni
  • Å dele tro blant ungdom
  • Søndag er gudstjenestedag

I dette blogginnlegget vil eg løfte fram ei av sakene som UKM skal drøfte i Bodø, nemleg rekruttering til kyrkjeleg teneste. Dette skjer under overskrifta ”Kalt til å kalle”. Som gjest frå ein teologisk utdanningsinstitusjon, den eldste i landet, er eg naturleg oppteken av rekrutteringsspørsmålet. Kyrkja si framtid som folkekyrkje er avhenging av at vi greier å rekruttere til dei kyrkjelege tenestene. Når det gjeld prestetenesta, er vi inne i eit generasjonsskifte. Utdanningsinstitusjonane utdannar ikkje nok kandidatar til å fylle stillingane etter dei som – med eller mot sin vilje – går av med pensjon (statsstipend, i følgje biskop Tor B. Jørgensen).

Den norske kyrkja er avhengig av brei rekruttering. På alle nivå må kyrkja ha fokus på rekrutteringsarbeidet. Vi treng ei brei tilnærming til feltet. Det er viktig med samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane. Eit grunnleggjande spørsmål må vere: Kva kan vi gjere i fellesskap for å løfte rekrutteringsutfordringane? Som utdanningsinstitusjonar er vi naturleg nok konkurrentar om studentane – men vi har ikkje råd til å la vere å samarbeide for å freiste å løyse den rekrutteringskrisa som kyrkja står overfor.

Her treng vi råd og tips frå UKM. Eg håpar UKM kan tenkje saman med oss som driv kyrkjeleg utdanning. To av spørsmåla som sakspapira til UKM utfordrar på, er desse:

  • Kva råd eller tips vil du gje til tilsette i kyrkja og organisasjonane med tanke på rekruttering i samanhengane dei står i?
  • Kva kan utdanningsstadene gjere for å rekruttere studentar?

Eg ser fram til resultatet av diskusjonane i UKM i Bodø 2015.