Month: april 2016

Staten og kyrkja skil lag

Posted on

Det blir sagt at årets Kyrkjemøte er historisk, fordi det er det siste under statskyrkja. Til neste år skjer det formelle skiljet mellom stat og kyrkje i Noreg. Frå 1. januar 2017 vil det bli sett i verk ei såkalla versemdoverdraging som inneber etableringa av kyrkja som eit nasjonal rettssubjekt med ei arbeidsgjevaransvar og ei ny kyrkjeordning kjem på plass. Men først må stortingspolitikarane gjere sin del: vedta dei naudsynte endringane i kyrkjelova som mogleggjer omdanninga av Den norske kyrkja til eige rettssubjekt.

resolver-10
Buksnes kyrkje, Vestvågøy, frå 1905. Bilet er frå sommaren 1961. Foto: Widerøe.

Endringane i seg sjølve er historiske. Det blir sagt at vi må attende til reformasjonen på 1500-talet for å finne ei tilsvarande stor endring som den som vil skje frå nyttår 2017.

Kva vil oppløysinga av statskyrkjeordninga innebere for folk flest? Både kyrkja og politikarane er opptekne av å streke under at sjølv om det skjer eit skilje mellom stat og kyrkje, så skjer det ikkje eit skilje mellom kyrkje og folket. Den norske kyrkja skal framleis vere ei folkekyrkje. Både kyrkja og politikarane legg vekt på kontinuiteten. For den vanlege kyrkjemedlem vil det vere minimale endringar. Det er det same kyrkja som bli ført vidare, sjølv om relasjonen til staten blir endra. Kyrkja med gudstenester og kyrkjelege handlingar og ulike andre typar aktivitet vil vere til stades i lokalsamfunnet som før.

Kontinuiteten er ikkje minst til stades i finansieringsordninga. Den offentlige finansieringa av kyrkja held fram som før med løyving over statsbudsjettet og kommunebudsjetta. Politikarane har òg forplikta seg på at dei økonomiske løyvinga til kyrkja skal vere på same nivå som i dag. Vi får ingen medlemsavgift eller særskilt kyrkjeskatt. Med omsyn til finansieringsordninga kan ein lagt på veg seie at statskyrkjeordninga held fram.

Finansieringa av Den norske kyrkja har politikarane forplikta seg på gjennom grunnlovsendringane i 2012. ”Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten”, heiter det i § 16. Av dette kan ein òg lese ut ei forplikting eller eit krav til kyrkja. Det er som folkekyrkje staten vil stø Den norske kyrkja økonomisk. Dette forpliktar kyrkja til å stå fram som ei folkekyrkje også for framtida – og ikkje bare som ei kyrkje for den aktive minoriteten av kyrkjemedlemmane.

Både finansieringa og grunnlovsforankringa uttrykkjer Den norske kyrkjas særstilling samanlikna med andre trus- og livssynssamfunn i Noreg. Denne særstillinga blir kritisert av somme. Opphevinga av statskyrkjeordninga må innebere at Den norske kyrkja får same status som eit kvart anna trussamfunn. Men slik blir det altså ikkje. Det er både kyrkja og politikarane samde om. Det har først og fremst historiske grunnar. Den norske kyrkja med ein oppslutnad på 74 % av det norske folket representerer dei lange linjene i vår religiøse og kulturelle historie. I kraft av dette vil ho framleis ha fellesskapsoppgåver som andre trussamfunn ikkje har.

Sjølv om folk flest ikkje vil merke myke til endringa av relasjonen mellom stat og kyrkje, så vil det naturleg nok skje endringar internt som følgje av dette, til dømes for tilsette knytt til arbeidsgjevarspørsmål som pensjon og liknande. Folkekyrkja vil stå fritt til sjølv finne sin veg i eit fleirkulturelt og religionspluralistisk samfunn. Også i framtida vil Den norske kyrkja vere ein viktig kulturell aktør og kulturberar i samfunnet. Kyrkja vil stå friare til å gjere sine eigne prioriteringar i høve til korleis ho skal møte framtida som Noregs folkekyrkje.