Month: februar 2016

Reformasjon i fem hundre

Posted on Updated on

Til neste år, i 2017, skal Den norske kyrkja og dei lutherske søsterkyrkjene kring om i verda markere at det er fem hundre år sidan reformasjonen. Som startpunktet for reformasjonen reknar ein 31. oktober 1517, datoen då den tyske teologiprofessoren og munken Martin Luther (1483-1546) offentleggjorde sine 95 tesar mot avlaten. Nedanfor vil eg seie noko om jubileumsmarkeringar av reformasjonen gjennom hundreåra.

Reformasjonens startpunkt 1517

Reformasjonen innebar både religiøse og politiske omveltingar i Europa. Kristendommen vart kløyvd, dei evangeliske kyrkjene braut med Den romersk-katolske kyrkja. Luther tok eit oppgjer med fleire sider ved kyrkja. Han meinte at kyrkja hadde forvanska kristendommen og innført tradisjonar og praksisar som ikkje hadde grunnlag i Bibelen. Den einskilde truande hadde fridom i høve til det kyrkjelege hierarkiet og tradisjonane, meinte Luther. Han streka under frelsa ved Guds nåde åleine, og den einaste autoriteten for den truande var Bibelen.

Indbydelse_Reformations-Festen_1817_Krogh
I 1817 forfatta biskopane sendebrev til kyrkjelydane i høve reformasjonsfesten. Her er forsida av sendebrevet til biskop Mathias Bonsach Krogh i Nordlandene og Finnmarken. Riksarkivet i Oslo. Foto: H. Elstad.

Utgangspunktet var altså avlatstesane frå 1517. Men det hadde byrja før. Luther hadde førebudd kritikken mot Den romersk-katolske kyrkja gjennom teologisk arbeid knytt til førelesingar han heldt ved det nyskipa Universitetet i Wittenberg. Luthers oppgjer med kyrkja førte til at det vart sett i verk ein kjettarprosess mot han. Tankane hans spreidde seg i vide krinsar, og han fekk støtte frå dei tyske fyrstane. Eit vesentleg poeng hos Luther var at kyrkja ikkje skulle ha politisk makt. Fyrstane ønskte kontroll over kyrkja, som vart underordna staten.

Reformasjonsfestane – den første i 1617

Kvart hundre år sidan 1517 har dei lutherske kyrkjene gjennomført store jubelfestar for å minnast og feire reformasjonen. I Danmark-Noreg, der reformasjonen vart innført i 1536/37, vart den første reformasjonsfesten markert i 1617 med Sjællands biskop Hans Poulsen Resen i brodden. Jubileet vart gjennomført som ein takke- og minnefest ved København universitet og i alle kyrkjene. Grunntanken i festen var å hevde og verne uforkorta arven frå Luther. Resen hadde medverka til at den lutherske ortodoksien sigra i Danmark-Noreg – mot filipismen, den meir humanistisk orienterte retninga innanfor lutherdommen (oppkalla etter Philip Melanchton, Luthers nære medarbeidar). Tittelen på Resens jubelskrift var karakteristisk: Lutherus triumphans (den triumferande Luther).

1717

Den andre reformasjonsfesten i Danmark-Noreg fann stad i 1717, under den store nordiske krigen. Rett nok var det eit opphald i krigshandlingane som gjorde at ein kunne gjennomføre ein reformasjonsfest åtte dagar til ende! Også denne gongen vart jubileet høgtida som ein sigersfest for den reine lutherske læra, både ved Universitetet og i kyrkjene i riket. Det er høvesvis få kjelder som kan kaste ljos over den norske feiringa.

Kyrkjefest og universitetsfest

Den tredje reformasjonsfesten vart gjennomført etter at unionen mellom Danmark og Noreg var oppløyst. Noreg var i staden i ein union med Sverige. Det ser ut til å ha vore lite av utveksling mellom den norske og den svenske kyrkja i høve jubileet. Derimot såg ein til Danmark for førebilete for den norske feiringa i 1817. Jubileet vart ei lovprising av Luthers fortenester, og trass i at det kunne vere visse teologiske motsetnader innanfor presteskapet i tida, kom det ingen motsetnader fram i den norske reformasjonsfeiringa. Biskop Bech i Akershus tok initiativ til ein kommisjon som skulle førebu ein verdig “Høitideligholdelse” av “en Reformationsfest eller et Jubileum” i Noreg. Kongen godkjende kommisjonens framlegg 14. april 1817, og biskopane forfatta eit sendebrev til kyrkjelydane i kvart sitt stift. Den store festhøgtida vart halde i kyrkjene 31. oktober.

Reformasjonsfesten var òg ein universitetsfest. Noreg hadde nyleg fått sitt eige universitet, og reformasjonsfesten var det første større arrangement som Universitetet gjennomførte. Universitetsmarkeringa gjekk føre seg 3. november i katedralskolens store auditorium. Teologiprofessor S. B. Hersleb heldt festtalen og la vekt på fridomen som Luther og reformasjonen medførte. Tittelen på festtalen var forma som eit spørsmål: “Hvilken og hvordan er den Frihed, værdig den Christne, som Luther hævdede for sine Troesforvandte ved Reformationen?” Ved feiringa i 1817 vart reformasjonen framstilt som eit framsteg i kunnskap og opplysning, ein overgang frå mørket til ljoset – eit uttrykk for at tenkinga i tida framleis var prega av opplysninga.

Mindeskrift_1917
Utkast til en norsk kirkeordinans (1604) Minneskrift i samband med reformasjonens 400-års jubileum i 1917. Det var redigert av Oluf Kolsrud med innleiing av biskopane i Den norske kyrkja.

Det fjerde reformasjonsjubileet fann stad under første verdskrigen, og må vel seiast å ha kome noko i skuggen av krigen. Det var gudsteneste i alle kyrkjene i landet. I Kristiania preika biskop Jens Tandberg i domkyrkja og ”mindedes Luthers store livsverk og dets betydning for kirken og kristenlivet i de forløpne 400 aar. Luther var et redskap i Guds haand til aandelig fremgang for menneskene”. Universitetet heldt minnefest i Aulaen, der òg kongefamilien var til stades. Kantate av Theodor Caspari og Hjalmar Borgstrøm vart framført, og professor i kyrkjehistorie Andreas Brandrud gav “et historisk overblik over Luthers gjerning”, medan Fredrik Paaske skildra “Luthers personlighet”. Som det einaste fakultetet utnemnde Det teologiske fakultet ved dette høvet æresdoktorar: professorane Valdemar Ammundsen, København, og H. Holmquist, Lund. Rektor Bredo Morgenstierne stod for doktorpromosjonen og avslutta minnefesten.

I 1917 gav Norsk Teologisk Tidsskrift ut ei “Jubilæumsutgave” med avhandlingar av professorane ved Det teologiske fakultet. Oluf Kolsrud, seinare professor i kyrkjehistorie, var blant dei mest aktive frå fakultetet i samband med jubileet. Han skreiv om reformasjonsjubileet i 1817, stod for utgjevinga av Utkast til en norsk kirkeordinans. Minneskrift 1917 med innleiing av biskopane i Den norske kyrkja. Han gav dessutan ut saman med kollega Andreas Brandrud 32 preikar av superintendent Jens Nilssøn, som verka i Oslo og Hamar bispedømme frå 1580 til 1600.

Både i 1817 og 1917 vart reformasjonen markert som ei sak både for Universitetet og for kyrkja. Tilsette ved Det teologiske fakultet tok gjerne del begge stader. Slik vil det òg vere ved reformasjonsmarkeringa til neste år. Universitetet i Oslo vil markere reformasjonen mellom anna ved eit seminar og ei førelesingsrekkje i Gamle Festsal, og Det teologiske fakultet vil på ulike måtar markere jubileet både gjennom forsking, undervisning og formidling.

 

Folkelege fastetradisjonar

Posted on

På sundag er det fastelavn. På oskeonsdag går vi inn i fasta. I det følgjande vil eg skrive litt om gamle folkelege fastetradisjonar. Folketradisjonen i tilknyting til dei store årshøgtidene var bestemt av den offisielle kyrkjelege tradisjonen, som fekk stor innverknad i løpet av mellomalderen. Reformasjonen kom til å avvise mange skikkar og tradisjonar. Men i folkedjupet kom tradisjonane til å leve vidare, delvis i kontinuitet og delvis i omforming. Mange av desse tradisjonane heldt seg opp til det 20. hundreåret.

6rULnJc5moUQmQNzssRceQKs_KVYM62t6wwzM2P-xmug
Fastelavnsbollar høyrer framleis med!

Faste er i kristendommen førebuingstid for påskehøgtida. Ordet ”faste” er utleidd av ”fast”, i tydinga å halde fast ved bestemte religiøse forskrifter, som å gje avkall på visse matslag og gleder som elles var naturlege. Lengda på den kristne fasteperioden, den såkalla lange fastetid eller den stille tid, vart tidleg sett til 40 dagar og tok til oskeonsdag. Skikken med å faste i 40 dagar har bakgrunn i det bibelske materialet: Før Jesus tok til med livsverket sitt fasta han ute i ørkenen og vart freista av djevelen i 40 dagar og netter. Den stille tida fekk sitt høgdepunkt i den stille veka.

Truleg kan ein finne byrjinga til ei fastetid før påske attende i det 2. hundreåret, men då som ei friviljug og kortvarig førebuing til høgtida. Så har fasta etter kvart vorte obligatorisk og utvida. Romarkyrkja utvikla etter kvart omfattande og strenge fasteforskrifter. Då Noreg vart kristna, kom desse også hit. Frå Noregshistoria veit vi at fastepåboda med det same møtte stor motstand frå bøndene, og kan ha vore ein av dei vanskelegaste hindringane for kristendommens gjennombrot i Noreg på 900- og 1000-talet. Forbodet mot å ete kjøt i fasta var særleg strengt. Det var heller ikkje tillate å halde giftemål frå fastelavn til påskeveka var over.

På 1500-talet oppheva reformatorane fasteplikta og avskaffa alle dei ordinære fastetidene som det romerske kyrkja hadde fastsett. Ein var ikkje i mot faste i og for seg, men ein meinte det var betre å førebu seg til påske gjennom å leggje vekt på sjølve forkynninga. Såleis fekk vi dei såkalla fastepreiker, som lenge var eit viktig innslag i dansk-norsk kyrkjeliv. Då skulle det preikast over eit stykke av lidingshistoria kvar onsdag i sju veker før påske. Men også denne ordninga vart etter kvart redusert.

At langfasta og dei andre obligatoriske fastetidene vart avskaffa, førte ikkje til ei dramatisk omlegging av folk sine faste- og påskeskikkar. Særleg lenge kom tradisjonane til å leve i mange av bygdesamfunna våre. Eit døme på korleis det gamle kunne tilpassa seg den nye situasjonen etter reformasjonen, er omplasseringa av dei katolske fastelavnsdagane: blåmåndag, feitetysdag og oskeonsdag til den stille veka, slik at oskeonsdag vart sett framfor skjærtorsdag.

Fastelavn

Fastelavn, av tysk ”Fastelabend: kvelden før faste, var opphavleg ein festperiode på tre dagar: fastelavnssundag, blåmåndag og feitetysdag, som markerte overgangen til kyrkja si lengste faste. På fastelavn utvikla det seg ei rad folkelege festskikkar med mykje god mat, leik og fornøying. Her var karnevalsopptog ein viktig skikk. Ordet ”karneval” kjem som kjend av det latinske ”carne vale”, som tyder ”kjøtt, farvel”.

Ein populær skikk på fastelavn var å ”ri fastelavn” Opptog med unge menn på hester som reid frå gard til gard og vart traktert med god mat og brennevin, dansa litt med jentene og baud inn til fastelavngilde, som var eit samanskottslag om kvelden. På fastelavnsgildet drakk ein gjerne brennevin og åt kveitebrød og bollar.

Men med reformasjonen var jo eigentleg grunnlaget for fastelavnsfeiringa borte. Men skikkane forsvann ikkje. På 1700-talet var det klaga over at folk framleis heldt fram med å feire fastelavn på gammal måte. Den ikkje ukjende Erik Pontoppidan gav nemleg ut boka Fejekost til at utfeie den gamle surdeigg, der han argumenterte for at folk no måtte kvitte seg med alle leivningar frå den katolske tida. Ein av desse leivningane som Pontoppidan var forarga over, var ”fastelavns-narrerier” som framleis fanst blant folk. Fastelavnsmoro meinte Pontoppidan tente til å lokke folk til synd og førte dei i fortapinga.

Ein tradisjon som har helt seg heilt til vår tid, er fastelavnsriset, som vi gjerne nyttar til å pynte i huset med og som blir seld til inntekt for særlege føremål. I eldre tid nytta folk riset til å rise kvarandre med etter faste ritual. Same skikken var òg knytt til langfredag, og då med den motivasjonen at ein skulle gjere bot og lide med Frelsaren. I Noreg har dette vore ein sterk langfredagstradisjon, seier folkloristen Ørnulf Hodne. Men risinga kunne òg vere knytt til fruktbarheitsmagi – å bli risa med ”livskvisten” fremja fruktbarheita. Det erotiske innslaget var òg til stades, då det helst var gutane som drog å vekte jentene i nabolaget med ris på senga. Men skikken vart tidleg offer for tradisjonsoppløysning. Den opphavlege meininga med skikken vart borte – og ein gjorde det berre for moro. Til dømes var det ikkje uvanleg at barna på fastelavn fekk lov til å rise foreldra.

Den katolske tradisjonen med at ein før fasta skulle ha det festleg med god mat og drikke, er vel det elementet som er best teke vare på i vår fastelavnstradisjon. Fastelavnsbaksten høyrer framleis med: bollar, kveitekaker, franskbrød og kringler.

Blåmåndag

Fastelavnsmåndag kunne ha fleire namn, det mest kjende ”blåmåndag”. Ei vanleg oppfatning av bakgrunnen for dette namnet er at då skulle folk ha knapp og mager kost, slik at dei skulle bli bra svoltne til dagen etter og ete mykje då – på feitetysdag, då dei fekk det siste kjøt- og fleskemåltidet før påske. Men truleg har blåmåndag eit anna opphav. Namnet er eit lån frå det tyske ”blauer Montag”, og syner attende til skikken frå katolsk tid med å kle alteret i kyrkjene med ein blå duk for å symboliserte at prestane byrja fasta. På kontinentet var blåmåndag einstydande med fridag, då ein skofta eller heldt seg borte frå arbeidet, noko som hadde samanheng med at blåmåndag hadde tenarane fri for å kvile seg etter karnevalsløyene dagen før.

Feitetysdag – «sprengetardagen»

Det vanlege namnet på den neste dagen i fastelavnstida er feitetysdag, men kunne òg vere flesketysdag eller smøratysdag. Dette var den siste dagen før fasta, og då skulle ein i matvegen ha det beste som huset kunne by på. Frå Hardanger heiter det til dømes: ”Alle sku eta godt då, og mange stelte te som ei liti jol av det likaste dei åtte”. Hovudmåltidet var middagen, gjerne kjøt og flesk eller rømmegraut. Kokte sauehovud (”smalahaud”) var mykje brukt på Vestlandet denne dagen. Det gjaldt å ete det meste ein kunne, ein sprengåt. Derfor heitte dagen somme stader òg ”sprengetardagen” eller ”sjumålsdagen”, som refererer til at ein kunne ete så mykje som sju måltid.

Oskeonsdag

Oskeonsdag tok sjølve fasta til. Namnet syner attende til bruken av oske som teikn på bot og faste. I Det gamle testamentet kan vi fleire stader lese om å gjere bot i sekk og oske. I Det nye testamentet talar Jesus om å sitje i sekk og oske som eit teikn på omvending. I tråd med denne bibelske tradisjonen vart den første fastedagen markert gjennom å stør innvigd oske på hovudet til kyrkjegjengarane, og dei fekk teikna ein kross på panna. Midt på 1900-talet var det framleis eldre folk som hugsa at somme strøydde litt oske i håret på oskeonsdag.

Fram til slutten av 1800-talet var det mange stadar skikk at i alt ein åt denne dagen skulle det vere oske. Brød og potet vart steikte i oske, ein strøydde oske på grauten, hadde oske i suppa. Maten skulle vitne om forsaking og måtehalt. Kjøt og flesk måtte ein halde seg langt unna. Tradisjonsoppteikningar syner at dette vart respektert, særleg på Vestlandet, opp mot vår eiga tid. Til middag var det helst fisk eller sodd. Ein var til og med overtydd om at ein kunne bli straffa som ein så mykje som tenkte på kjøtmat i fasta. Ordet ”kjøt” var då eit tabuord. Til dømes kunne straffa vere at ein miste buskapen om sommaren. Somme stader vart det fortalt at folk vog seg på feitetysdag eller oskeonsdag, for så igjen å vege seg langfredag. Hadde ein ikkje gått ned i vekt, var det eit teikn på at ein ikkje hadde teke fasta alvorleg nok. Kanskje hadde dette mest karakter av å vere uhøgtidsam moro.

Restane av fasteskikkar frå den katolske tida levde vidare i matrestriksjonane, med kjøtforbod og eit elles magert og sparsamleg kosthald. Eit anna døme på at ein tok fastetida på alvor, kunne vere at ein gjekk i tarvelege klede. Frå Sogn heiter det at dei skulle svelte seg så fælt i fasttida i gamle dagar at når dei kom til kyrkja påskedagen, skulle dei helst vere så svake og utsvelta at dei måtte gå med stav. ”Te meir utpinte dei var, te saligare vart dei”. Kyrkja la ikkje vekt på denne typen ytre botsskikk. Derimot var ein oppteken av den åndelege førebuinga til påskehøgtida, først og fremst gjennom fastepreiker i kyrkja og gjennom husandakt, der stykke av lidingssoga vart lesne og gjennomgått. Onsdag, laurdag og sundag var gudstenestedagar, og det var gjerne god kyrkjesøking desse dagane, ikkje minst fordi nattverdgangen vesentleg var knytt til fastetida og påska. Det skulle ikkje vere dans eller moro av noko slag i fastetida.

 

Kjelder

Bø, Olav (1985). Høgtider og minnedagar. Oslo: Samlaget.

Hodne, Ørnulf (1999). Norsk folketro. Oslo: Cappelen

Hodne, Ørnulf (1988). Påske. Tradisjoner omkring en høytid. Oslo: Grøndahl.