Tekstar

Av publikasjonar er registrert over 200 vitskaplege og formidling, i den vitskaplege registreringsportalen Cristin. Hovudvekta ligg på arbeid i norsk kyrkjehistorie i det 19. og 20. hundreåret. Eg har fleire arbeid med tema for nordnorsk kyrkjehistorie. Eg har òg teke del i med kronikkar og innlegg i dagspressa.

Med eller utan friksjon? (Avisa Nordland 24.07.15): 

Laurdag 18. juli skriv journalist Anne Grenersen om bispekandidatane til Sør-Hålogaland bispedømme under overskrifta ”Friksjonsfritt”. Kandidatane er slåande like i presentasjonane sine, hevdar ho, og så runde i formuleringane at alle trygt kan sove vidare. Vi er alle politisk korrekte, det blir ikkje kravd noko. Det er heilt friksjonsfritt, utan utfordringar.

At kandidatane er så like, er ein påstand som òg andre har framført. Men ein kan ikkje berre leggje vekt på meiningane våre. Dei seks kandidatane har forskjellig bakgrunn og røynsle, og vil utøve og profilere bispetenesta på forskjellig måte. Derfor er det heller ikkje likegyldig kven som til slutt blir tilsett.

Kanskje er presentasjonane våre runde og utan friksjon. Men dette gjeld i alle høve ikkje evangeliet som kyrkja er sett til å bere fram. Jesu bodskap er radikal og annleis. Han utfordra omgjevnadene: ”Elsk fiendane dykkar!”. Kven kjenner ikkje på motstand mot eit slikt krav? Jesus snudde opp ned på gjengse verdiar: Dei første skal bli dei siste, og dei siste dei første.

Jesus plasserte dei marginaliserte, dei som andre såg ned på og ikkje ville ha noko med å gjere, inn i religionen og samfunnet sitt sentrum. To av evangelietekstane i kyrkja no i juli gjev døme på dette. Den eine er om den rike overtollaren Sakkeus, som gjekk i okkupasjonsmakta si teneste. Slik hadde han vorte rik, og i tillegg kravd inn for mye pengar som gjekk i eiga lomme. Alle visste om han, og ville ikkje ha noko med han å gjere. Men då Jesus kom forbi, tok han inn nett hos forrædaren – og ikkje hos ”dei politisk korrekte”. Det var nett slike som Sakkeus Jesus sa han var komen til.

Vi veit korleis det kan gå med forrædarar. Det er i år 75 år sidan okkupasjonen av Noreg og 70 år sidan frigjeringa. I 1945 gjekk fleire av biskopane i mot å nytte dødsstraff i rettsoppgjeret etter krigen. Dei vart forakteleg kalla ”silkebisper”. Det var utfordrande å hevde eit slikt standpunkt den gongen.

Sist sundag var evangelieteksten om den fattige enka som gav det vesle ho hadde i tempelkista. Jesus sa at ho hadde gjeve mest, mykje meir enn alle dei rike som gav mykje. Dei småøra ho gav, hadde ho truleg fått ved å tigge. Nett ho, tiggaren, sette Jesus i sentrum og gjorde til føredøme. Og i Noreg diskuterer vi forbod mot å tigge. Kva om vi tek konsekvensane av det radikale i Jesu bodskap? Friksjonsfritt er det i alle fall ikkje.

Kyrkja skal utfordre slik evangeliet utfordrar. Og samstundes er evangeliet totalt vilkårslaust. Det stiller ingen krav, fordi det handlar om Guds gåver til menneska. Radikaliteten i evangeliet er at frelsa er ufortent. Ingen prestasjon frå vår side kan gjere at vi fortener ho. Derfor døyper vi born i Den norske kyrkja. Ingen syner det vilkårslause i frelsa betre enn eit lite barn. Liksom livet er ei gåve, er frelsa òg det. Derfor må kyrkja vere open for alle som ønskjer å kome inn. For det høyrer med til evangeliets vesen at det ikkje blir stilt krav. Det er og skal vere friksjonsfritt.

Maktfordeling og ny kyrkjeordning (Dagen 16.07.15 og Vårt Land 17.07.15):

Noreg har ikkje lenger ein statsreligion. Den norske kyrkja skal finne sin veg skilt frå staten. Ho er inne i viktige prosessar når det gjeld vegval for ei framtidig kyrkjeordning. Som bispekandidat til Sør-Hålogaland er eg oppteken av dei vala vi no gjer, fordi det handlar om kva for kyrkje vi skal ha i framtida. Som biskop ønskjer eg å vere med å påverke desse prosessane.

Eit spørsmål av prinsipiell karakter gjeld maktfordelinga innanfor ei ny kyrkjeordning. Den norske kyrkja er organisert i ein dobbelt struktur, ein rådsstruktur og ein embetsstruktur. I det 20. hundreåret er det bygd ut ein rådsstruktur frå botn til topp i kyrkja, der medlemmane er demokratisk valde og i hovudsak omfattar lekfolk. I tillegg har Den norske kyrkja ein episkopal struktur (ei embetslinje), ordna som eit hierarki frå biskopen og nedover. Denne representerer ei linje utanfor rådsstrukturen, samstundes som dei to strukturane overlappar gjennom at presteskapet er representert i rådsorgana, medan rådsorgana tilsett prestar og biskopar.

Denne to-delte strukturen representerer ein viktig maktbalanse i den kyrkjelege organisasjonen i dag. I ei framtidig kyrkjeordning vil det vere avgjerande at denne maktbalansen ikkje blir skipla. Prestetenesta sitt sjølvstende må framleis sikrast. Det same gjeld for bispetenesta. I kraft av ordinasjonen har presten eit fagleg sjølvstendig ansvar for tenesta si, slik det er gjort framlegg om i § 34 i Kyrkjelova: ”All prestetjeneste skal organiseres slik at prestene kan utøve sin tjeneste i samsvar med ordinasjonens forutsetninger og forpliktelser.”

Vidare må ei framtidig kyrkjeordning medverke til å sikre ei rimeleg fordeling av mynde og oppgåver mellom dei ulike nivåa og strukturane i kyrkjeskipnaden. Gjennom den komande verksemdsoverdraging frå staten til Den norske kyrkja i og med skiljet mellom staten og kyrkja, skjer dei ei samling av makt og mynde i Kyrkjemøtet som kyrkja sitt øvste organ. Mynde som til no har vore fordelt på fleire instansar: regjering, Storting og Kyrkjemøte, blir ført over til Kyrkjemøtet. Dette gjev ein maktkonsentrasjon på nasjonalt nivå, utan at ein i same grad som tidlegare har organ som balanserer og korrigerer kvarandre.

Ein slik sentral maktkonsentrasjon er eit demokratisk problem. Fordi det etter mi meining utfordrar representativiteten til Kyrkjemøtet. Det kyrkjelege mangfaldet må forankrast i dei kyrkjelege styringsorgana. Eit avgjerande spørsmål er korleis legitimiteten til Kyrkjemøtet som det øvste representative organet i Den norske kyrkja kan sikrast på best mogleg måte. Det er framleis viktig å arbeide for å auke deltakinga ved dei kyrkjelege vala. Dette vil vere avgjerande for den demokratiske legitimiteten til styringsorgana. Eg meinar av demokratiske omsyn bør òg Kyrkjemøtets leke medlemmar bli valde ved direkte val, og ikkje som i dag gjennom å vere samansett av bispedømmeråda.

Ei sentralisering av makt på sentralt nivå i kyrkja er òg eit problem fordi det kan svekkje det lokale kyrkjelege nivået. I ei luthersk kyrkje er det eit vesentleg teologisk poeng at lokalkyrkjelyden (soknet) er grunneininga. Det er der evangeliet blir forkynt og sakramenta forvalta at kyrkja er. Evangelieforkynninga og sakramentforvaltinga konstituerer kyrkja. Det er såleis teologiske grunnar til å hindre at det lokale nivået blir svekt i ei framtidig kyrkjeordning. Snarare bør det styrkast. Dette kan tale for å vurdere å endre fordelinga av oppgåver mellom ulike nivå i kyrkja i den framtidige kyrkjeordninga.

Rekruttering til kyrkjeleg teneste – jobb nummer ein (Vårt Land, 24.06.15):

Eit spørsmål som eg meiner må ha topp prioritet framover, er rekrutteringa til kyrkjeleg teneste. Kyrkja si framtid krev det. Folkekyrkja er avhengig av ei brei og tilstrekkeleg rekruttering. På alle nivå i kyrkja må det setjast fokus på rekrutteringsarbeidet – frå lokalkyrkjelyden til dei nasjonale sentralorgana.

Dersom eg blir biskop i Sør-Hålogaland, vil eg prioritere rekrutteringsarbeidet frå dag ein. Ut frå bakgrunnen min frå ei teologisk utdanningsinstitusjon meiner eg at eg har gode føresetnader for å gå inn i dette viktige arbeidet.

Rekruttering er ikkje berre ei utfordring i Sør-Hålogaland bispedømme, men i Den norske kyrkja som heilskap. Det ikkje utdanna nok kandidatar til å fylle behovet. 60 prosent av prestane er over 50 år. Men utfordringa gjeld ikkje berre prestane, men alle kyrkjelege stillingar. Eit viktig tilskott kan vere utanlandske medarbeidarar. Men framfor alt krev situasjonen ei planmessig satsing på rekruttering. Kyrkjerådet har oppretta eit eige prosjekt på feltet med ei eiga stilling. Denne rekrutteringssatsinga skjer i eit samarbeid med utdanningsinstitusjonane.

Det kan vere fristane å fire på kompetansekrava for å freiste å løyse rekrutteringsutfordringa den vegen. Men det er ei særs dårleg løysing. Meir enn nokon gong treng kyrkja kompetente og sjølvstendige fagtilsette.

Den lutherske kyrkja reknar lokalkyrkjelyden som grunneining. I lokalkyrkjelyden blir evangeliet forkynt og sakramenta forvalta – her står kyrkja fram som ein synleg storleik. Det er naudsynt å prioritere rekrutteringa til lokalkyrkjelydens tenester. Det er i “førstelinjetenesta” at kyrkja møter folket og er folkekyrkje i genuin meining. Derfor har vi òg som kyrkje ein jobb å gjere når det gjeld å motivere til teneste nett i lokalkyrkjelyden.

Dersom eg blir biskop, vil eg leggje opp til ein målmedviten rekrutteringsinnsats i Sør-Hålogaland bispedømme, med ei brei tilnærming til feltet. Det vil vere viktig med eit nært samarbeid med utdanningsinstitusjonane og å vere i rapport med den rekrutteringssatsinga som no skjer i Kyrkjerådet.

Forbod mot politisk engasjement for bispekandidatar? (Dagen, 16.06.15):

Dagen kritiserer på leiarplass 10. juni Sør-Hålogaland bispedømmes nominasjonsliste til ny biskop. ”Det er noe nærmest parodisk over den politiske og teologiske ensidigheten som preger kandidatlisten”, heiter det i leiarartikkelen. Avisa har i forkant vinkla intervjua ein har gjort med bispekandidatane ut frå politisk ståstad.

Tyder dette at Dagen meiner at vilkåret for å bli norminert til ei bispestilling er at kandidatane ikkje er eller har vore politisk aktiv? Det som dei fleste vil seie både er ei borgarplikt og ein borgarrett. Eller er dette berre eit problem dersom det politiske engasjementet er på venstresida i politikken? Ville Dagen slått saka like stort opp om bispekandidatane hadde hatt ei anna politisk farge?

Det er urimeleg å hevde at Sør-Hålogaland bispedømmeråd skulle ha nominert kandidatar etter partipolitisk tilhøyring. For eigen del la eg i intervjuet med Dagen vekt på at eg ikkje vil flagge partipolitikk om eg skulle bli biskop. For meg er det heilt sjølvsagt. Derfor meiner eg òg at det i samband med bispevalet er irrelevant kva for politisk parti eg tilhøyrer.

Ikkje berre er nominasjonslista politisk einsidig. Framfor alt er ho teologisk einsidig, i følgje leiarartikkelen. Sjølvsagt er det eitt spørsmål som her blir trekt fram: standpunktet til kyrkjeleg vigsel eller forbønnshandling for likekjønna ekteskap. Her går grensa, slik avisa ser det, mellom liberal og konservativ teologi. Eg er sterkt i tvil om kva slike teologiske etikettar faktisk tyder i vår tid. Dei høyrer mest av alt heime i kyrkjestridens dagar i byrjinga av førre hundreåret. Om ein går inn å ser på svara våre, vil ein sjå at dette er forskjellige kandidatar med forskjellig profil. Men for Dagen er det tydelegvis ikkje så interessant.

Kva slags biskop? (Vårt Land, 10.06.15):

”Hva slags biskop får vi?” spør Even Borch, i Vårt Land 1. juni. Det er sjølvsagt fleire omsyn ein skal ta når det gjeld val av ny biskop i Sør-Hålogaland. Ei viktig side ved bispegjerninga er evna til å inspirere kyrkjelydar og medarbeidarar. Når det gjeld mitt eige kandidatur, meiner eg å ha evna til å inspirere og motivere. Ei viktig side av dette er å verke samlande i høve til teneste og oppgåver i kyrkja. Eg ønskjer å vere ein biskop som er til stades for den einskilde presten og kyrkjeleg tilsette. Dersom eg blir biskop i Sør-Hålogaland, vil eg prioritere bispedømmet. Biskopens kall er først og sist det eigne bispedømmet. Eg vil dessutan framheve at eg kjem frå landsdelen. Eg ønskjer å tene kyrkja i Sør-Hålogaland.

Borch seier han blir litt uroleg over at eg har teke til orde for å gjere Sør-Hålogaland til eit folkekyrkjesenter. Han fryktar nye reformer og toppstyrte program. Eg kan forstå uroa. Den norske kyrkja er inne i en krevjande reformperiode. Eg ønskjer ikkje å lage nye reformer. Viktig no er at alle samarbeider om å få landa dei reformprosessane kyrkja er inne i på ein best mogleg måte.

Med eit folkeyrkjesenter tenkjer eg at vi skal ta utgangspunkt i det kyrkja alt er. Kyrkja i Sør-Hålogaland er ei folkekyrkje, og vi må i det daglege arbeidet verke for at ho også i framtida skal vere det: ei kyrkje for folket i Nordland. Ingen som arbeider i kyrkja kan la vere stadig å spørje: kva vil det seie å vere kyrkje her hos oss. Korleis kan vi sikre ei folkekyrkje på ”vorres sted”?

Eg vil invitere til å reflektere saman om kva det vil seie – i vår tid – å vere ei folkekyrkje. Grunnlova seier om Den norske kyrkja at ho er ”Norges folkekirke” (§ 16). Dette forpliktar. Vi som kyrkje som må fylle folkekyrkja med innhald. Kyrkja er sendt til alle menneske med evangeliet om Jesus Kristus. Nådemidla konstituerer kyrkja. Eg er samd med Borch i at det først og sist handlar om å ta i mot. Gud gjev oss sine gode gåver. Vi vil folkekyrkje fordi nåden gjeld alle.

Svar på sokneprest Gaute Granlunds spørsmål til bispekandidatane i Sør-Hålogaland (Facebook 01.06.15):

1) Hvorfor valgte du å bli prest? 
Eg valde å blir prest fordi eg meinte å ha eit kall til det. Tanken mogna seg over tid, og eit endeleg standpunkt tok eg i løpet av vidaregåande.

2) Hva er det fineste med å være prest?
Det djupt meiningsfulle i å møte menneske og gå eit stykke veg med dei i viktige og avgjerande livssituasjonar for dei, ser eg som noko av det finaste med det å vere prest.

3) Hva er det mest utfordrende med å være prest? 
Eg tenkjer at prestetenesta er utfordrande på det same punktet. Å møte menneske krev at eg legg noko av meg sjølv inn i møtet, at eg investerer av meg sjølv og er nærverande der og då. Det er òg krevjande, samstundes som det gjev mykje.

4) Hvordan vil du ivareta prestene i Sør Hålogaland bispedømme? 
Dersom eg skulle bli biskop, vil eg prioritere kontakten med prestane i bispedømmet. Prestane er berarar av folkekyrkja. Eg ønskjer å vere ein biskop som er til stades i bispedømmet og dermed òg er til stades for prestane. Dette er ikkje minst viktig i ei tid med store endringar og reformer i kyrkja. Det skjer endringar no som har konsekvensar for prestane. Det synes eg er viktig å ha merksemd på. Prestane er viktige i dei kyrkjelege reformene, og som biskop ønskjer eg å vere ei støtte for dei i den viktige tenesta dei står i.

Prostane vil sjølvsagt vere eit viktig bindeledd i det daglege. Men eg ønskjer å sjå på kva måte det er mogleg å få til fleire kontaktpunkt mellom prestane og biskopen. Både gjennom sentrale samlingar i bispedømmet, men òg meir regionalt. Eg vil prioritere ei satsing på etter- og vidareutdanning for prestane. Det er viktig å ivareta og vidareutvikle kompetansen til prestane i bispedømmet. Her må det leggjast gode strategiar som mogleggjer vidareutdanning for alle prestane.

5) Hvordan vil du rekruttere til tjeneste som prest i Sør Hålogaland?
Satsing på rekruttering er ein sentral del av å ivareta prestetenesta i bispedømmet. Rekruttering til presteteneste er ei klar utfordring, ikkje berre for Sør-Hålogaland, men for Den norske kyrkja som heilskap. Dersom eg blir biskop, vil rekruttering ha fokus frå dag ein. Folkekyrkja er heilt avhengig av ei brei og god rekruttering. I bispedømmet må det leggjast opp til ein heilskapleg rekrutteringsstrategi. Rekrutteringsarbeidet må ha fokus på alle nivå, frå lokalkyrkjelyd til bispedømmeråd. Innanfor bispedømmet må vi sikre ein god interaksjon i dette arbeidet. Eg ser det som viktig at bispedømmet samarbeider tett med dei teologiske fakulteta om rekruttering, og står i rapport med den sentrale rekrutteringssatsinga som skjer i Kyrkjerådet.

Det kan vere fristande i eit tid med rekrutteringsutfordringar å fire på kompetansekrava til dei som skal bli prestar. Det er ei farleg løysing, fordi då sagar vi av den greina vi sjølv sit på. Kyrkja treng teologi! I kunnskapssamfunnet treng kyrkja meir enn nokon gong godt teologisk skolerte prestar, som er kritiske og sjølvstendige. Dette må vi leggje vekt på i rekrutteringsarbeidet.

6) Hva er det i din prestetjeneste som gjør deg egnet til å bli prestenes prest? Bispetenesta spring ut av prestetenesta. Det grunnleggjande for begge er forkynninga av Ordet og forvaltinga av sakramenta – og det sameiner dei to. Slik sett er det ei teneste. For meg har nett mandatet til å forkynne evangeliet og forvalte sakramenta vore ein viktig del av presteidentiteten min heilt sidan eg vart ordinert (i Borge kyrkje, Vestvågøy). Ein viktig del av arbeidet mitt ved Universitetet har jo vore å utdanne prestar – eg tenkjer det er ei viktig røynsle inn i bispetenesta. Elles er det sjølvsagt heilskapen i kompetansen min som gjer at eg meiner at eg er eigna til å bli biskop.

Kvifor røyste på meg som biskop i Sør-Hålogaland? (innlegg i fleire aviser i Nordland):

Sør-Hålogaland bispedømmeråd har peika på seks kandidatar dei meiner er eigna for bispestillinga. Først vil eg takke for tilliten bispedømmerådet har synt ved å nominere meg som ein av kandidatane. Eg har sagt ja til å vere med i nominasjonsprosessen fordi eg meiner eg har noko å tilføre bispedømmet og bispekollegiet. I perioden 1. juni-13. august skal kyrkjelege instansar og personar røyste på tre av dei nominerte kandidatane i prioritert rekkjefølgje. Dei som skal røyste, må gjere seg opp ei meining om kven av dei nominerte som dei meiner er best eigna til å bli biskop. Eg vil peike på seks gode grunnar for å røyste på meg som biskop i Sør-Hålogaland:

– fordi eg står for ei folkekyrkjetenking. Folkekyrkja står sterkt i Sør-Hålogaland. Dersom eg skulle bli biskop, ønskjer eg å gjere bispedømmet til eit senter for folkekyrkjetenking og praksis i Den norske kyrkja. Dei folkekyrkjelege tradisjonane må utdjupast og utviklast vidare. For meg er folkekyrkje er meir enn eit kvantitativt omgrep. Det handlar om ein kvalitet ved kyrkja, ein bestemt måte å vere kyrkje på. Folkekyrkje inneber ein visjon av det kristne livet som stadfestar at vi er skapte, og som dermed det vanlege, allmenne menneskelivet, og ikkje står i motsetnad til det. Nett i det lokale er det kyrkja kjem til syne som folkekyrkje, at ho er innfelt i samfunnet, kulturen og naturen på staden. I folkekyrkja er folket subjekt, ikkje objekt. Det vil seie at folks sine liv og livsrøynsler må stå i sentrum, bli tolka ut frå evangeliet og sett inn i ein større samanheng som høyrer Gud til. Som menneske er vi utleverte til og avhengige av kvarandre, og vi er ein del av naturen og omgjevnadene vi ferdast i. Vi har eit ansvar for å forvalte naturen og ressursane. Kyrkja må spele ei aktiv rolle i klima- og miljøspørsmålet. Folkekyrkja må fremje menneskeverdet og seie frå når det blir truga. Som ledd i en folkekyrkjeleg tenking og praksis vil eg arbeide for at likekjønna par kan inngå ekteskap i kyrkja.

– fordi eg vil satse målmedvite på rekruttering. Sør-Hålogaland bispedømme og Den norske kyrkja som heilskap har klare utfordringar når det gjeld rekruttering til dei kyrkjelege tenestene. Folkekyrkja er avhengig av ei brei rekruttering. På alle nivå i kyrkja må det setjast fokus på rekrutteringsarbeidet – frå lokalkyrkjelyden til dei nasjonale sentralorgana. Som ei løysing kan vere fristane å fire på kompetansekrava. Men det er ei dårleg løysing. Meir enn nokon gong treng kyrkja kompetente og sjølvstendige fagtilsette. Dersom eg blir biskop i Sør-Hålogaland vil eg prioritere arbeidet med rekruttering. Vi må ha ei brei tilnærming til feltet. Blant anna vil det vere viktig med eit målmedvite samarbeid med utdanningsinstitusjonane og å vere i rapport med satsinga som no skjer i Kyrkjerådet.

– fordi eg kjem frå bispedømmet. Eg kan syngje med Blix: ”Der mitt hjarta er fest, med dei finaste band -.” Eg er nordlending, fødd og oppvaksen i Lofoten (Vestvågøy). Slekta mi både på fars og mors side har røtene sine her så langt attende som det har vore mogleg å spore. Når det gjeld å møte og kommunisere med folket i bispedømmet, meiner eg det er ein fordel at eg faktisk har røtene mine i landsdelen, kjenner folkelynnet, er sjølv ein del av det og snakkar dialekten. Det er på tide å få ein nordlending på bispestolen i Bodø! Eg vil vere ein engasjert og entusiastisk biskop for kyrkja i Sør-Hålogaland.

– fordi eg har relevant leiarrøynsle for ei bispestilling. Eg har leiarrøynsle frå politisk verksemd gjennom mange år og frå utdanningsinstitusjonar. Dei siste åra har eg vore ein del av dekanatet ved Det teologiske fakultet som prodekan. Som universitetet er også kyrkja ein kunnskapsorganisasjon, der kunnskapsarbeidarane sin unike kompetanse er det som former organisasjonen. Kyrkjeleg tilsette utfører arbeidet sitt med høg grad av sjølvstende. Dette stiller bestemte krav til leiing. Det relasjonelle i leiarskapet blir viktig. Leiing må skje gjennom å motivere og inspirere til å nytte kreativitet og kunnskapar. Byråkratiske kontrollordningar er lite eigna som leiingsverktøy. For meg står medarbeidarskap som idealet for leiarskap. Som biskop vil eg arbeide for å skape og vidareutvikle ein kultur bygd på at kvar einskild medarbeidar kjenner eigarskap og ansvar i høve til arbeidsoppgåver og organisasjonen som heilskap.

– fordi eg vil prioritere arbeidet i bispedømmet. Biskopens kall gjeld først og sist bispedømmet. Dersom eg blir biskop, vil eg leggje vekt på å vere til stades i bispedømmet, for prestane og kyrkjeleg tilsette, for kyrkjelydane. Som biskop vil eg motivere, oppmuntre og inspirere til at kyrkja si kjerneoppgåve med å forkynne evangeliet og å forvalte sakramenta blir ivareteken over alt i bispedømmet. Den inneber å prioritere og stø opp om det lokale kyrkjelydsarbeidet i sokna. For det er der kyrkja er. Med alle reformene som kyrkje er inne i, ser eg det som svært viktig at den lokale kyrkja ikkje blir svekt. Eg vil leggje vekt på at det blir arbeidd målretta og heilskapleg med trusopplæring i bispedømmet.

– fordi eg har akademisk kompetanse på professornivå. Ein biskop bør ha teologisk kompetanse ut over teologisk embetseksamen. Det er viktig mellom anna fordi den einskilde biskopen og bispekollegiet har eit særleg ansvar for lærespørsmål. I fleire av våre søsterkyrkjer er det vanleg å rekruttere personar med bakgrunn i akademia til bispestillingane. Bispekollegiet skal spegle ulike typar kompetanse og breidde, og treng difor òg slik kompetanse.


Kommenter innlegget