Month: juni 2016

Då jødeparagrafen vart oppheva

Posted on

I år er det 165 år sidan jødeparagrafen i Grunnlova vart oppheva. Det skjedde i 1851. Jødeparagrafen siktar på den siste setninga i § 2 i Grunnlova, vedteken på Eidsvoll i 1814 og lydde slik: ”Jøder ere fremdeles udelukkede fra adgang til Riket.” Jødeparagrafen var en realitet frå 1814 til 1851. Han innebar ei innstramming i høve til tidlegare. I 1680-åra hadde det vorte innført leidebrev for alle jødar som ønskte å reise til riket.

220px-Nicolai_Wergeland
Nicolai Wergeland møtte på Eidsvoll i 1814. Han var ein av dei som stod attom jødeparagrafen. Seinare endra han meining, og støtta sonen Henrik i å få paragrafen oppheva. Det skjedde i 1851. Foto: DigitaltMuseum. Maleri: Christian Olsen. Tilhøyrer Eidsvoll 1814.

”…dog ere Jøder fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget”

Få dagar etter at Eidsvollsforsamlinga var komen saman i april 1814, vedtok ho ti grunnsetningar som skulle utgjere grunnlaget for det vidare arbeidet med ei norsk Grunnlov. Den åttande grunnsetninga (som vart til § 2) formulerte: ”Alle Religions-Secter tilstedes frie Religions-Øvelse, dog ere Jøder fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget.”

Ein gjekk inn for religionsfridom, men med unntak av jødane. Jødeforbodet var dermed med heilt frå byrjinga i forhandlingane.

”…denne Afkrog paa Kloden”

Representanten Nicolai Wergeland, diktaren Henrik Wergelands far, vart truleg heilt sentral i formuleringa av jødeparagrafen. Han møtte på Eidsvoll med sitt eige grunnlovsframlegg i kofferten. Her hadde han formulert: ”Ingen Person af den jødiske Troesbekjendelse maa komme indenfor Norges Grændser, langt mindre boesætte sig der.” I debatten om jødane nokre dagar seinare hevda han at dei ”kunne gjerne lade os beholde for os selv denne Afkrog paa Kloden”. Det var ikkje stemning i forsamlinga til å endre på jødeforbodet, sjølv om fleire tala i mot jødeparagrafen. Presten Hount karakteriserte paragrafen som ”afskylig intolerant”.

”…en Uheldig Udvæxt paa Grundloven”

I 1839 vart jødeparagrafen – eller ”Jødesagen” som ein gjerne sa – teken opp i Stortinget. Henrik Wergeland hadde sendt eit framlegg om å oppheve jødeforbodet, og dette vart teke opp av ein av representantane. Wergeland argumenterte med at forbodet i Grunnlova bygde på fordommar, var utan juridisk grunnlag, var intolerant og i strid med Grunnlova elles. Dessutan peika han på at ein måtte forbetre og vidareutvikle Grunnlova. Eit fleirtal i stortingskomiteen som handsama saka innstilte på å oppheve jødeparagrafen, som dei karakteriserte som ”en Uheldig Udvæxt paa Grundloven”.

220px-Lehmann_Wergeland_1842
Henrik Wergeland engasjerte seg sterkt for å få oppheva jødeparagrafen. I 1837 kom han med framlegg om å fjerne paragrafen. Han skreiv innlegg og dikt om saka. Måleri av Carl Peter Lehmann (1842).

Medan arbeidet i komiteen pågjekk, publiserte Wergeland innlegg og dikt om saka. I 1841 gav han ut pamfletten Indlæg i Jødesagen, og saman med diktverket Jøden vart pamfletten lagt på pultane til stortingsrepresentantane same dagen som komitéinnstillinga skulle handsamast i september 1842. Det vart ein omfattande debatt i Stortinget. Røystinga synte fleirtal for å oppheve jødeparagrafen, men fleirtalet var ikkje stort nok til å få til grunnlovsendring.

Jødeparagrafen blir oppheva

Wergeland levde ikkje lenge nok til å oppleve at jødeforbodet vart fjerne frå Grunnlova. Ein annan som òg tidleg opponerte mot jødeparagrafen i grunnlova, var Andreas Munch, redaktør i avisa Den Constitutionelle. Eit år før Wergeland, i 1836, var han med diktet ”Jøderne” den første som kritiserte paragrafen. Frå 1841 tok han inn kritiske innlegg i avisa, mellom dei fleire av Wergeland.

Saka var oppe på Stortinget både i 1845 og 1848, men utan å få det tilstrekkelege fleirtalet for oppheving. I 1851 kom saka opp på nytt. Denne gongen var det eit stort fleirtal som røysta for saka i Stortinget. Berre eit lite mindretal var i mot denne gongen. 21. juli 1851 vart grunnlovsendringa sanksjonert. Ein viktig milestolpe vart med det passert. Jødar var likestilte med kristne dissentarar (utanfor statskyrkja). Uretten frå 1814 var fjerna.