Month: september 2015

Stolt av å vere tilsett ved Universitetet i Oslo!

Posted on Updated on

Universitetet i Oslo gjennomfører kreering av doctores fire gongar i året under leiing av rektor. Måndag 21. september vart den andre sermonien for året halden i Universitetets aula. I alt 117 kandidatar hadde møtt fram for å få sine doktordiplom.

Som prodekan ved Det teologiske fakultet representerte eg fakultetet ved dette høvet.

DSC_1268
Prosesjonen gjer seg klar for å gå inn i Aulaen til kreeringssermonien. Foto: Ingunn Margrethe Elstad.

Eg er stolt av å vere tilsett ved og ein del av Universitetet i Oslo. Kreeringssermonien syner det store faglege mangfaldet og breidda ved Universitetet, men òg på det einskilde fakultetet. Som eit universitetsfakultet høyrer TF med i denne store faglege samanhengen. Dette er ei føremon som det er viktig å utnytte både når det gjeld forsking og undervisning.

Frå TF var det ein frammøtt kandidat denne gongen. Her følgjer presentasjonen som eg gav av doktoravhandlinga:

«Eg har gleda av å presentere for Universitetets rektor følgjande kandidat som har forsvara doktorgraden sin ved Det teologiske fakultet.

Eg ber Gudrun Lydholm om å kome opp til podiet.

Gudrun Lydholm har skrive avhandlinga “Save souls, grow saints and serve suffering humanity”. The development towards registration as a faith community in The Salvation Army in Norway with focus on the period 1975-2005. Dette er det første større akademiske arbeidet som tek for seg Frelsesarmeen i Noreg. Avhandlinga undersøkjer prosessen som førte fram til at Frelsesarmeen registrerte seg som eige trussamfunn i 2005. Frelsesarmeens gradvise tilpassing til det norske samfunnet heilt frå armeen vart etablert i landet i 1888 blir tolka som eit resultat av kompromiss og medvitne val av teologisk som praktisk karakter. Avhandlinga dokumenterer eit tett forhold til Den norske kyrkja som statskyrkje. Då spørsmålet om skilje mellom stat og kyrkje etter kvart vart aktuelt, var dette avgjerande for at Frelsesarmeen valte å registrere seg som trussamfunn

Avhandlinga syner korleis ein religiøs minoritet har tilpassa seg læremessig og praktisk til ein situasjon med ei sterk nasjonal statskyrkje utan å miste tilknytinga til sin internasjonale base.

På grunnlag av innstillinga for dei oppnemnde sakkunnige og frå fakultetet har Rektor vedteke å kreere deg til philospohiae doctor. Eg ber rektor om å overrekkje doktordiplomet.»

Tilsetjing av biskopar i ei framtidig kyrkjeordning

Posted on Updated on

Eitt tema i den omfattande høyringa om vegval for ei framtidig kyrkjeordning for Den norske kyrkja er korleis biskopar skal peikast ut. Fram til 2012 var dei kongelege embetspersonar og utnemnt av kongen i statsråd. No blir dei som kjend tilsette av Kyrkjerådet. I ei framtidig kyrkjeordning er det mogleg å sjå for seg ulike tilsetjingsmåtar. Kyrkjerådet kan halde fram som tilsetjingsorgan. Eller ein kan innføre ei rein valordning, slik både den danske og den svenske kyrkja har. Eit eige tilsettingsorgan (som ikkje er Kyrkjerådet) kan òg tilsetje biskopar. Endeleg kan ei ordning vere at bispestillingane kan søkjast på (som preste-og prostestillingane), og at tilsetjing skjer ved Kyrkjerådet eller eit eige tilsetjingsorgan.

65b211296c3d416b9342b298b7c11804
Biskopane i Den norske kyrkja i 2015. Foto: Bispemøtet.

Avisa Vårt Land (16.09.15) har gjennomgått høyringssvara på dette punktet. Meir enn halvparten (55 prosent) av instansane som har uttala seg, går inn for ei ordning om lag som no. Om lag 25 prosent vil ha ei rein valordning, medan berre 9 prosent går inn for at eit eige tilsettingsorgan (altså ikkje Kyrkjerådet) skal tilsetje biskopar. 6 prosent av høyringssvara vil at bispestillingar skal utlysast og tilsetjast som andre stillingar, utan nokon røysteprosess.

Eg meiner dagens ordning er mogen for endring. Ho er omstendeleg og tek tid. Bispekandidatar kan oppleve det som ein krevjande prosess. Sjølve røysteprosessen kan synast lite gjennomsiktig. Eg er mellom anna kritisk til at biskopane ikkje har høve til å uttale seg om alle dei nominerte kandidatane, berre dei tre med flest røyster etter den første røysterunden. Som kjend er biskopane òg dei einaste som grunngjev innstillinga si.

Med ein rein valordning vil tilsetjinga følgje av resultatet frå røystinga. Slik er det mogleg å unngå ein for langdryg prosess. Ei slik ordning vil òg sikre at den som blir biskop, har minst halvparten av røystene bak seg. Slik er ikkje tilfelle i dag. Kanskje kunne ein vurdere å innføre direkte val på biskop i kvart bispedømme. Det gjev kyrkjemedlemmar flest høve til å seie si meining, noko som vil vere positivt for det kyrkjelege demokratiet.

Ei innvending mot ei rein valordning i ein eller annan fasong er at det ikkje blir mogleg å ta omsyn til samansetnaden av bispekollegiet ved tilsetjing. Bispekollegiet skal balansere eit mangfald, og dette er heilskapsomsyn som eit tilsetjingsorgan må ivareta. Men Kyrkjerådet har ikkje teke på seg dette ansvaret. Fleirtalet i rådet har tilsett tre relativt konservative menn. Rett nok vart det no sist ei kvinne i Sør-Hålogaland. Men ut frå dei tre første tilsetjingane låg det i korta at det måtte bli ei kvinne denne gongen. Ein hadde sett seg i ein tvangssituasjon. Det er lokale kandidatar som har nådd opp med Kyrkjerådet som tilsetjingsorgan. Det synest som ein strategi frå fleirtalet i rådet at det lokale votumet må vege tyngst.

Men kyrkja treng eit tilsetjingsorgan for biskopar som òg er viljug til å ta heilskapsomsyn. Vi har utfordringar når det gjeld balansen i bispekollegiet. Framleis er det ingen blant biskopane med doktorgrad (noko det definitivt bør vere), og ingen er utdanna frå Det teologiske fakultet, landets eldste presteutdanningsinstitusjon (den siste var Rosemarie Köhn, som òg var den første kvinnebiskopen i Den norske kyrkja).

For òg å sikre biskopane ei uavhengig stilling, bør dei tilsetjast av eit eige tilsettingsorgan, uavhengig av Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet. Ved tilsetjing av biskopar bør kravet til teologisk kompetanse vege tungt. Eit slikt organ bør derfor blant anna ha medlemmar med fagteologisk kompetanse.

Eller vi kan bryte over tvert å seie: Bispestillingane blir lyste ut og tilsett på same måten som andre stillingar. Dette kan tene til å gjere bispetenesta meir allminneleg, og eg trur ikkje det er ei ulempe.