Month: juni 2015

200 år sidan Nordland vart representert på Stortinget for første gong

Posted on Updated on

Den siste tida har vi hatt ein debatt om i kva grad kyrkja og biskopane bør engasjere seg politisk. Historia syner at dette på ingen måte er noko nytt. Den første biskopen i ”Nordlandene og Finmarken” engasjerte seg politisk – i næringspolitikk så vel som skulepolitikk – som den første stortingsrepresentanten frå Nordland amt. På 1800-talet var det ikkje uvanleg at biskopar og prestar vart valde til stortingsrepresentantar.

1. juli er det 200 år sidan det første ordinære Stortinget kom saman – i Katedralskolens «høresal» i Christiania. Dette var også første gongen Nord-Noreg var representert i ein slik samanheng. Verken på riksforsamlinga på Eidsvoll i april-mai 1814 eller på omframstortinget om hausten hadde representantar frå landsdelen vore til stades. Først ved det ordinære Stortinget i 1815 var heile landet representert.

Nordland var som kjend det einaste amtet der det ikkje vart gjennomført representantval til Eidsvoll-forsamlinga i 1814. I Finnmarkens amt (inkludert Troms) vart det halde val i Tromsø 1. august. Då var Eidsvoll-forsamlinga for lengst oppløyst, Grunnlova var vedteken og underskrive og Christian Frederik vald til konge. Men ein var på det reine med at det første Stortinget skulle haldast i 1815 – til å byrje med var det planlagt til februar. Dei tre som valforsamlinga i Tromsø valde 1. august 1814, tenkte ein seg òg skulle representere Finnmarkens amt på det første ordinære Stortinget.

Bodo1800-tallet
Hundholmen fekk bystatus i 1816, og den nye byen vart kalla Bodø. Biskop Mathias Bonsach Krogh spela ei viktig rolle i den prosessen som stortingsrepresentant for Nordland. 

Kva med Nordland? 8. desember 1814 vart det halde valforsamling på ”Bodøe Gaard i Saltens Fogderie”. Dette var det første stortingsvalet i Nordland, og desse vart dei første stortingsrepresentantane: Biskop Mathias Bonsach Krogh, fut Johan Ernst Berg, amtmann Christen Elster og Jon Larsen Smidtseng. Fut Berg fekk fleire røystar enn biskop Krogh, men likevel vart biskopen ført opp som den første representanten frå amtet. På grunn av sjukdom møtte ikkje amtmann Elster.

Valforsamlinga vedtok dessutan at stortingsrepresentantane frå Nordland skulle arbeide for fire saker. Det første gjaldt forbetring av skulevesenet. Sidan dette punktet er nemnt først, er det rimeleg å tenkje at dette vart sett som det viktigaste. Det andre punktet var forbetring av fiskeria og betre orden enn det som hadde vore tilfelle dei seinare åra. Den tredje saka var etablering av ein by (kjøpstad) i amtet. Det fjerde var ei betre ”indretning” av ”Medicinal Væsenet” i amtet. Nyttar vi meir moderne omgrep, kan vi seie at utdanning, næring og helse var viktige saksområde også for dei første stortingspolitikarane frå Nordland for 200 år sidan.

Det første ordinære Stortinget sat saman eit heilt år, frå 1. juli 1815 til 6. juli 1816. Biskop Krogh spela ei viktig rolle. Han tala Nordlands sak, og var særleg oppteken saker som gjaldt næringslivet i landsdelen. Han sat i Lagtinget og var formann i fleire komitear, blant anna i komiteen som førebudde saka om å gjere Bodø til kjøpstad (by). Dette var ei sak biskopen lenge hadde arbeidd for, og som valmøtet i Nordland hadde forplikta Stortingsrepresentantane på. 20. mai 1816 kom vedtaket som gav Bodø status som kjøpstad.

Valforsamlinga i Nordland hadde sett forbetring av skulevesenet øvst på ”programmet” til representantane. Dette var eit saksområde som opplysningsmannen Mathias Bonsach Krogh òg var oppteken av. I 1806, to år etter at han var utnemnt til biskop, sende han ut eit hyrdebrev, Til Almuestanden i Nordlandene og Finmarken, der han mellom anna oppmoda kyrkjelydane om å forbetre allmugeskulevesenet.

Ein av dei som sat saman med biskop Krogh på det første Stortinget, eidsvollsmann og stortingspresident Wilhelm Frimann Koren Christie, omtala han slik: “Biskop Krogh var en for de nordlige Landsdeles Vel og Fremgang varmt besjælet Mand. De talrige Forslag, som fremkom fra hans Haand, er Vidnesbyrd herom.” Christie trekte særleg fram arbeidet for å gjere Bodø til kjøpstad. Slottsprest Claus Pavels, som vart kjend med han under stortingsperioden i Christiania, skreiv i dagboka at biskop Krogh ikkje manglar lærdom, “men er i Manerer en Matros”. Krogh var ein stor humorist, og i hovudstaden var det nok dei som syntest han kunne vere i overkant støyande. Men han var ein mann for landsdelen han kom frå, og gjorde ein framifrå innsats på det første ordinære Stortinget 1815-16.

Rekruttering til kyrkjeleg teneste – jobb nummer ein

Posted on Updated on

Eg har tidlegare på bloggsidene vore oppteken av rekrutteringssituasjonen i Den norske kyrkja. Dersom eg blir biskop i Sør-Hålogaland, vil arbeidet med rekruttering til kyrkjeleg teneste få topp prioritet.

Rekruttering er ikkje berre ei utfordring i Sør-Hålogaland bispedømme, men i Den norske kyrkja som heilskap. Det blir ikkje utdanna nok kandidatar til å fylle behovet. 60 prosent av prestane er over 50 år. Men utfordringa gjeld ikkje berre prestane, men alle kyrkjelege stillingar. Eit viktig tilskott kan vere utanlandske medarbeidarar. Men framfor alt krev situasjonen ei planmessig satsing på rekruttering. Kyrkjerådet har oppretta eit eige prosjekt på feltet med ei eiga stilling. Denne rekrutteringssatsinga skjer i eit samarbeid med utdanningsinstitusjonane.

Det kan vere fristande å fire på kompetansekrava for å freiste å løyse rekrutteringsutfordringa den vegen. Men det er ei særs dårleg løysing. Meir enn nokon gong treng kyrkja kompetente og sjølvstendige fagtilsette.

Gildeskaal_gml_02_med
Gildeskål gamle kyrkje, Elias Blix si heimekyrkje

Som biskop vil eg leggje opp til ein målmedviten rekrutteringsinnsats i Sør-Hålogaland bispedømme, med ei brei tilnærming til feltet. Ut frå bakgrunnen min frå ein teologisk utdanningsinstitusjon meiner eg at eg har gode føresetnader for å gå inn i dette viktige arbeidet. Folkekyrkja er avhengig av ei brei og tilstrekkeleg rekruttering. På alle nivå i kyrkja må det setjast fokus på rekrutteringsarbeidet – frå lokalkyrkjelyden til dei nasjonale sentralorgana. Blant anna vil det vere viktig med eit nært samarbeid med utdanningsinstitusjonane og å vere i rapport med den rekrutteringssatsinga som no skjer i Kyrkjerådet.

Den lutherske kyrkja reknar lokalkyrkjelyden som grunneining. Kyrkja finn stad der evangeliet blir forkynt og sakramenta forvalta. Kyrkja er til stades i denne samlinga om “dei heilage tinga”. Kyrkja framstår som synleg storleik som lokalkyrkjelyd. Vi må prioritere rekrutteringa til lokalkyrkjelydens tenester. Det er i “førstelinjetenesta” at kyrkja møter folket og er folkekyrkje i genuin meining. Derfor har vi òg som kyrkje ein jobb å gjere når det gjeld å motivere til teneste nett i lokalkyrkjelyden.

Aktuelle utfordringar for kyrkja

Posted on Updated on

I samband med nominasjonsprosessen til ny biskop i Sør-Hålogaland vart kandidatane av bispedømmerådet spurt om kva ein ser som hovudutfordringar i dag og i tida framover. Det er mange utfordringar en då kan peike på. Den norske kyrkja er inne i omfattande endringsprosessar knytt til store reformer. Mykje i desse prosessane er framleis ikkje avklara. Kyrkja må finne sin veg i eit endra landskap. Ei sentral utfordring – for Sør-Hålogaland som for Den norske kyrkja som heilskap – er rekrutteringa til kyrkjeleg teneste. Som kyrkje har vi store utfordringar med å motivere til slik teneste. Folkekyrkja si framtid er avhengig av at vi lukkast her.

flakstadkirk01-med
Flakstad kyrkje, Lofoten

Ei hovudutfordring representerer dei endra vilkåra som kyrkja og den kristne forkynninga møter – i Noreg som elles i den vestlege verda. For det eine  er kyrkja stilt overfor ein stadig aukande religiøs pluralisme. Det norske samfunnet har vorte multireligiøst. Dette krev at kyrkja reflekterer over eigen ståstad. Dei seinaste tiåra har Den norske kyrkja teke aktivt del i ulike former for dialog, ikkje berre over konfesjonsgrenser, mens også over trus- og livssynsgrenser. I møtet med den religiøse pluraliteten kan ikkje kyrkja pukke på ein kristen eksklusivitet, men må ha dialogen som einaste moglege tilnærming. Eit syn som blir alt meir utbreidd, er at dei ulike religionar og trustradisjonar representerer ulike vegar til den same Gud. Med dette som utgangspunkt vil respekten for andre synsmåtar vere det grunnleggjande. Dessutan er det eit viktig aspekt ved den kristne trua at frelsa er ei gåve frå Gud. Det er til sjuande og sist opp til Gud kven som blir frelst. Då kan vi ha tillit til at resultatet blir annleis enn vi har tenkt ut frå menneskelege kategoriar.

Den andre hovudutfordringa er knytt til framveksten av ein sekulær kultur som stiller spørsmål ved om tru overhovudet er mogleg. Menneskelivet blir sett på som sjølvtilstrekkeleg. Gud er ikkje ein naudsynt føresetnad for meining. Mange stader opplever kyrkja nedgang. Ho blir ikkje oppfatta som relevant for menneska sine liv. Dette er kanskje den største utfordringa som kyrkja møter i vår tid, i alle fall i den vestlege verda.

I det norske samfunnet syner den kristne kulturen og tradisjonen klare teikn til forvitring. Til dømes er oppslutnaden om dei folkekyrkjelege livsritane i nedgang, og har vore det over tid. I det seinaste har vi sett eit markert fall i dåpsprosenten. For ein ny generasjon er det ikkje sjølvsagt å velje dåp for borna sine.  Medlemsprosenten i Den norske kyrkja minkar stadig, i takt med at den religiøse og livssynsmessige pluraliteten i samfunnet aukar. Det er fleire som seier at dei ikkje trur. Den norske kyrkja treng at det blir gjort eit grunnleggjande situasjonsanalytisk arbeid som grunnlag for å reflektere over eiga rolle og posisjon i samfunnet i dag og i framtida. Eit viktig spørsmål er korleis kyrkja også i framtida – i ein ny situasjon skilt frå staten – kan opplevast som relevant og viktig for einskildmenneske og samfunnet.

Svara på desse utfordringane for kyrkja må vi finne i fellesskap. Dersom eg blir biskop i Sør-Hålogaland, ønskjer eg å invitere til ein brei refleksjon kring desse grunnleggjande spørsmåla for kyrkja.

Kyrkjeordning for framleis folkekyrkje

Posted on Updated on

Eg har sagt ja til å bli nominert som bispekandidat til Sør-Hålogaland fordi eg ønskjer å vere med å forme morgondagens kyrkje.

Den norske kyrkja arbeider med viktige reformer. Ein omfattande høyringsprosess om kyrkjeordninga er no gjennomført. Arbeidet med kyrkjeordninga inneber viktige vegval som får konsekvensar framtidas kyrkje. Kyrkjerådets høyringsdokument heiter derfor treffande «Veivalg for fremtidig kirkeordning».

Føremålet med ei ny kyrkjeordning må vere å gjere det mogleg for kyrkja å utføre oppdraget sitt som ei kyrkje for folket – også med eit sjølvstendig tilhøve til staten. Ein viktig føresetnad for det vil vere at den nye kyrkjeordninga sikrar grunnleggjande sider ved Den norske kyrkja som ei open og inkluderande folkekyrkje. Etter 2012 seier den norske Grunnlova at Den norske kyrkja “forblir Norges folkekirke og understøttes som sådan av staten”. Dette forpliktar både staten og kyrkja.

SONY DSC
Elverhøy kyrkje, Tromsø

Som folkekyrkje er Den norske kyrkja ei sosiologisk, synleg storleik. Ho må vere landsdekkjande og lokalt forankra, kunne nå ut til alle, ha brei kontaktflate. Men å vere folkekyrkje er òg ein kvalitet ved kyrkja. Til dømes må kyrkja kunne gje rom for alle grader av deltaking, kulturar og tradisjonar. Mangfald har vore og må halde fram med å vere eit viktig kjenneteikn ved kyrkja som folkekyrkje. Berre ei open og inkluderande kyrkje kan stå fram som ei kyrkje for folket. Demokrati er her eit nøkkelord. Folket er ikkje objekt for folkekyrkja, dei må takast alvorleg som subjekt. Ulike menneskeleg røynsler og liv skal ha plass i ei kyrkje som kallar seg folkekyrkje.

Ein viktig dimensjon eg synest det er avgjerande å leggje vekt på i ei tid med ein grenselaus individualisme, er at Den norske kyrkja kan vere eit viktig uttrykk for fellesskap og historie. Også når tilhøvet mellom staten og kyrkja blir enda, kan kyrkja framleis ha ein slik integrerande funksjon, som på mange måtar representerer dei lange linjene i norsk kultur og tradisjon.

I følgje luthersk syn er organiseringa av kyrkja eit spørsmål om kva som er føremålstenleg. Det finst ikkje ”heilage” ordningar. Kyrkjeordning høyrer med til kyrkja si verdslege side. Det er framfor alt viktig å arbeide fram det som er best mogleg tenleg for det som er kjernen: trua på evangeliet som ei gåve frå Gud og dermed kjerneoppdraget: å forkynne evangeliet og forvalte sakramenta. Det er då heilt grunnleggjande å sikre lokalkyrkjelyden som den kyrkjelege grunneininga. Det er lokalt at kyrkja ”skjer” – og derfor må ein vere på vakt mot alt som medverkar til å svekkje lokalkyrkjelyden. Ei framtidig kyrkjeordning må sikre at lokalkyrkjelyden har tilstrekkeleg støtte og ressursar til det kyrkjelege grunnoppdraget.

To doktordisputasar

Posted on Updated on

Doktorgrad er den øvste akademiske graden og dermed utdanning det er mogleg å ta i Noreg. Å ha ein doktorgrad, er eit kvalitetsstempel. Ein omfattande fagleg arbeidsinnsats ligg bak.

Eg meiner røynsle med denne typen akademisk arbeid er eit viktig innslag i bispekollegiet. Det er viktig at biskopane i Den norske kyrkja speglar ei breidde når det gjeld kompetanse og røynsle.

Dei to siste vekene har eg vore involvert i to disputasar. Den eine i Oslo, den andre i Bergen. Den eine innanfor teologi, den andre innanfor sjukepleievitskap. Den første avhandlinga hadde eg vore vegleiar for. Den andre avhandlinga sat eg i den sakkunnige komiteen for.

fakultetet
Det teologiske fakultet, Domus Theologica

5. juni forsvarte Gudrun Lydholm avhandlinga si for graden ph.d.: “Save souls, grow saints and serve suffering humanity”.  The development towards registration as a faith community in The Salvation Army in Norway with focus on the period 1975-2005. Disputasen vart halde ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Avhandlinga representerer eit forskingsmessig pionerarbeid: “Afhandlingen viser, hvorledes en religiøs minoritet har tilpasset sig læremæssigt og praktisk til en situation med en stærk national statskirke uden at miste forbindelsen til sin internationale base. Forskningen på Frelsesarmeen udfylder et tomrum i norsk kirkehistorie.”

Den sakkunnige komiteen omfatta: Professor Dag Thorkildsen, førsteamanuensis Ingunn Breistein og biträdande professor Johan Lundin. Førsteopponent: Breistein, andreopponent: Lundin.

12. juni forsvarte Kristin Kavli Adriansen avhandlinga Et kvinneyrke tar form. Sykepleie i Rogaland 1920 – 1970. Disputasen fann stad ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen. Avhandlinga undersøkjer korleis sjukepleia har vekst fram i Rogaland som eit kvinneyrke – og korleis internasjonale så vel som nasjonale straumdrag, samfunnsmessige behov og faglege retningslinjer har influert den lokale sykepleia. Eit viktig fokus ligg på sjukepleieutdanninga. Avhandlingsarbeidet konkluderer med at religion er ein faktor som særpregar forminga av sjukepleieyrket i Rogaland. Kallet var vesentleg for framveksten av sjukepleie som eit kvinneyrke: ”Kallets religiøse betydning er uomtvistelig. Den religiøse forståelsen knyttes i denne sammenheng til en luthersk og pietistisk kristendomsforståelse”.

Den sakkunnige komiteen omfatta: Professor Eva Gjengedal, lektor og studieleder Kirsten Frederiksen, professor Hallgeir Elstad. Førsteopponent: Frederiksen, andreopponent: Elstad. Hovudvegleiar for avhandlinga har vore professor Aina Schiøtz.

Bruk røysteretten! Saka gjeld ny biskop i Sør-Hålogaland

Posted on Updated on

imageRøystinga om ny biskop i Sør-Hålogaland er i gang. Seks kandidatar er nominerte. Biskopen og leiaren for Sør-Hålogaland bispedømmeråd oppmodar dei som har røysterett om å nytte røysteretten. Dei strekar under at ”jo flere av de stemmeberettigede som deltar i avstemningen, jo bedre. Oppslutningen om kirkelig valg, inklusive tilsettingsprosessen av biskop, sier noe om et aktivt kirkelig demokrati som igjen er viktig for en levende folkekirke.” Røysteperioden er fram til 13. august.

Dei røysteføre skal røyste på dei tre av kandidatane dei meiner er mest eigna til å vere biskop i Sør-Hålogaland bispedømme i ei avgjerande tid for Den norske kyrkja. Det er sjølvsagt fleire omsyn å ta når det gjeld val av ny biskop. Kva meiner kandidatane i sentrale spørsmål? Kva med leiarstil, evna til å engasjere, teologisk profil og kompetanse, tilknyting til bispedømmet osb.?

Dersom eg blir biskop i Sør-Hålogaland, vil eg leggje vekt på å fremje folkekyrkja. Då vil eg ta utgangspunkt i det kyrkja alt er, i det som faktisk, slik eg opplever det, kjenneteiknar kyrkja i Sør-Hålogaland. Ho er ei folkekyrkje, og vi må i det daglege arbeidet verke for at ho også i framtida skal vere det: ei kyrkje for folket i Nordland. Alle som gjer teneste i kyrkja, tilsette som friviljuge, må stadig stille spørsmålet: kva vil det seie å vere kyrkje her hos oss? Korleis kan vi best mogleg vere ei kyrkje for folket? Eg ønskjer som biskop å invitere til å reflektere saman om kva det vil seie å vere ei folkekyrkje for vår tid. Den norske kyrkja er skriven inn i Grunnlova som ”Norges folkekirke” (§ 16). Dette forpliktar kyrkja, slik eg ser det. Vi som kyrkje må gje folkekyrkjeomgrepet innhald. Det sentrale innhaldet kan det ikkje vere tvil om: det frigjerande evangeliet om Jesus Kristus. Kyrkja er sendt til alle menneske. Folkekyrkja syner på den beste måten at evangeliet er for alle og gjeld alle. Folkekyrkja må vere ei ”åpen dør”.

bdomkirkekstra-med
Bodø domkyrkje, foto; Jiri Havran.

Eg meiner eg har evna til å inspirere og motivere, ei evne det er viktig for den som skal vere biskop å ha. Eg har ein inkluderande leiarstil som eg trur passer nett i Sør-Hålogaland. ”Medarbeidarskap” er for meg eit nøkkelord når det gjeld leiarskap. I dette ligg ansvarleggjering av dei kyrkjeleg tilsette i tenesta. Samstundes ønskjer eg å vise omsorg for den einskilde. Den einskilde medarbeidaren skal bli sett og ivareteke. Eg ønskjer å vere ein biskop som er til stades for prestane og dei andre tilsette, for kyrkjelydane. Eg ønskjer å vere ein biskop som prioriterer bispedømmet. Dersom eg blir biskop, vil Sør-Hålogaland bispedømme vere det fremste kallet mitt.

Vidare vil framheve at eg kjem frå bispedømmet. Eg er nordlending, og ønskjer å tene kyrkja i Sør-Hålogaland. Ein ”Nordlands Trompet” kan også eg vere. Og dette vil eg kombinere med at eg kjem frå akademia. Kyrkja må ha biskopar med ulik kompetanse. Kyrkja treng òg teologisk kompetanse, bispekollegiet treng det. Kunnskapssamfunnet krev auka kompetanse, også i kyrkja. Bispekollegiet treng kjennskap og kunnskap om utdanningssystemet og den teologisk forskinga. Eg kan medverke til det.

Yrkesbakgrunnen frå Universitetet er òg ein fordel når det gjeld arbeidet med rekruttering til kyrkjeleg teneste. Som biskop vil eg prioritere satsinga på rekruttering frå dag ein. Dette må vere ei oppgåve for heile bispedømmet på alle nivå. Eg kjenner utdanningssystemet, eg har hatt ansvar for rekrutteringsarbeidet ved Det teologiske fakultet, og ser det som svært viktig at kyrkja og bispedømmet samarbeider tett med utdanningsinstitusjonane og Kyrkjerådet om rekrutteringa. Sør-Hålogaland skal ha dei beste kandidatane, og vi skal tilby gode arbeidsvilkår.

Store oppgåver og utfordringar ventar kyrkja i Sør-Hålogaland. Tida kallar på oss.

Pilegrimskonferanse og boklansering – «På leting etter tro»

Posted on Updated on

Nasjonalt kyrkjeleg pilegrimsutval, Bjørgvin bispedøme og Selje kommune inviterer til pilegrimskonferanse i Selje, 5. – 7. juni. Noregs første kristne heilagstad og den første norske kristne helgen, St. Sunniva, inspirerer til å reflektere over følgjande tema: Kva gjer heilagstadane med oss? Kva gjer vi for å verne skaparverket?

7. juni feirar vi Skaparverkets dag og startsteg for Klimapilegrim 2015. Klima og miljø utfordrar oss som kyrkje. Klimaendringane trugar skaparverket og menneskeætta, og råkar dei fattige i verda hardast. Vi blir utfordra til å ta vare på og forvalte skaparverket. Pilegrimsarbeid og miljøarbeid kan gå hand i hand. Gjennom Klimapilegrim 2015 ønskjer vi å fortelje dei som styrer i Noreg og globalt at det er naudsynt med ein rettferdig internasjonal klimaavtale for å stoppe klimaendringane. Derfor oppmodinga: Bli med på ei vandring for klimarettferd fram mot klimatoppmøtet i Paris!

Klimapilegrim 2015 er ei nasjonal, tverrkyrkjeleg mobilisering for klimarettferd. Pilegrimsvandringar og ulike arrangement og aktivitetar over heile landet inviterer til refleksjon over kor avhengige mennesket er av Skaparen, skaparverket og kvarandre. Samstundes er dette ei mobilisering til å ta vare på skaparverket.

Pilegrimsferda startar på Svalbard/Nordkapp på Skaparverkets dag 7. juni og går gjennom Nord-Noreg, via Trondheim på Olavsfestdagane og til Oslo 15. eller 16. august. I tillegg vil det vere ei rute som går langs kysten frå Stavanger mot Trondheim.

Klimapilegrim 2015 mobiliserer for ein rettferdig klimaavtale i Paris. Under Klimapilegrim 2015 vil ein samle inn underskrifter med bodskap om at Noreg må medverke med mindre utslepp og meir pengar til klimatiltak i utsette land. Det blir gjennomfør pilegrimsvandringar og markeringar i Sverige, Danmark og Tyskland. Frå Tyskland vandrar ein heilt fram til Paris (frå 13. september til 27. november).

641fb8d16e2a411987a149bd1d00f601Boklansering: ”På leting etter tro. Dannelsesreiser med ungdom”

Eg har medverka i ei bok som blir lansert på pilegrimskonferansen i Selje denne helga. Boka inngår i IKO-forlagets Trosopplæring i praksis-serie (TIP), og har tittelen: “På leting etter tro”. Den formidlar røynsler frå reiser med ungdom til stader som fortel ei trushistorie, og tek opp reisa som ein metode i trusopplæringa. Målet med boka er å gje eit godt grunnlag for å medverke til danningsprosessen for ungdommar i alderen 15-18 år.

To reiser går til norske reisemål: Nidaros og Selje, stader som er knytte til vår eia tros- og kyrkjehistorie. Ei gruppe ungdommar drog til Torino i Italia for å sjå det mange meiner er Jesu likklede. Den fjerde reisa, til Lutherstader i Tyskland, tek for seg vår lutherske identitet.

Underteikna har medverka med den kyrkjehistoriske oversikten og gjennomgang av moglege reisemål for kvart bispedømme i Noreg.