Om meg

elstad-to-crop-200Eg er fødd og oppvaksen i Vestvågøy (Borge) i Lofoten. Her har både fars og mors slekt røtene så langt attende som det har vore mogleg å spore. Eg gjekk dei første sju åra på Haukland skule, ungdomsskulen på Bøstad skule og avslutta på Vestvågøy vidaregåande skule (no Vest-Lofoten vidaregåande skule), Leknes, i 1983.

Hausten 1984 byrja eg å studere teologi ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo, tok teologisk embetseksamen våren 1990 og praktisk-teologisk eksamen same haust. 23. desember 1990 vart eg ordinert i heimekyrkja, Borge kyrkje av biskop i Sør-Hålogaland Fredrik Grønningsæter.

Etter feltpresteteneste og stipendiattid disputerte eg for den teologiske doktorgraden på ei avhandling i kyrkjehistorie i 1998. Seinare har eg studert allmenn historie. Sidan 1999 har eg vore tilsett som førstelektor, førsteamanuensis og seinare professor i norsk kyrkjehistorie ved Det teologiske fakultet. Dei siste tre åra har eg vore prodekan ved fakultetet.

2004-05 var eg rektor ved Kirkelig utdanningssenter i nord (KUN), og 2012-14 var eg professor II ved Universitetet i Tromsø (UiT), Institutt for historie og religionsvitskap (IHR). Ved sida av arbeidet ved universitetet har eg gjort teneste som vikarprest fleire stader, vesentleg på Romerike og i Lofoten.

PICT0029
Fiskehjell, Vestvågøy i Lofoten på 1970-talet. Foto: Leif Westermoen.

Kommenter innlegget