Month: august 2015

Kyrkje og politikk

Posted on Updated on

Eit spørsmål som vender attende med ujamne mellomrom er tilhøvet mellom kyrkje og politikk. I sentrale samfunnsspørsmål som til dømes klima og fordeling har kyrkja og kyrkjelege leiarar teke tydeleg til orde. Det har falle ein del politikarar tungt for brystet. Spørsmålet er: Kan kyrkja ha eit politisk engasjement?

Gildeskaal_gml_03_med
Frå Gildeskål gamle kyrkje. Foto: Jiri Havran.

Kyrkja og kyrkjelege leiarar skal sjølvsagt ikkje flagge partipolitikk. For kyrkja må vere open for alle – utan omsyn til partipolitisk tilknyting. Samstundes er det grunn til å minne om at det tradisjonelt har vore ein allianse mellom kyrkja og høgresida i politikken – utan at det i nemneverdig grad har vorte problematisert.

At kyrkja ikkje skal drive partipolitikk, utelukkar ikkje eit politisk engasjement. Ein vanleg tankegang har vore at kyrkja berre skal uttale seg i samfunnsspørsmål/politiske spørsmål, der det kan gjevast eit klart råd ut frå Skrifta. Her kan biskopar og andre kyrkjelege leiarar tale med kyrkjeleg autoritet. I alle andre samfunnsspørsmål som ein biskop måtte uttale seg i, gjer vedkommande det som privatperson.

Av fleire grunnar er dette ikkje ei uproblematisk tilnærming. Samfunnet og menneskelivet er kompliserte. Eintydige svar er mange gongar ikkje mogleg. Ikkje alle svar finst i Bibelen. Utsegner i Bibelen må dessutan tolkast ut frå ein større heilskap og samanheng, samt historisk kontekst. Tolkingane kan vere forskjellige, og dermed er det ikkje semje om alle svara.

Når viktige samfunnsspørsmål er til debatt, kan kyrkja ikkje vere taus. Ho skal vere ei røyst i den offentlege debatten. Ho skal tolke evangeliet inn i tida og inn i det aktuelle samfunnet.. Ut frå evangeliet har kyrkja eit heilskapssyn på menneska og menneska si verd. Menneska sine liv og livsrøynsler må stå i sentrum, bli tolka ut frå evangeliet og sett inn i ein større samanheng som høyrer Gud til.

Som menneske er vi utleverte til og avhengige av kvarandre, og vi er ein del av naturen og omgjevnadene vi ferdast i. Vi har eit ansvar for å forvalte naturen og ressursane. Kyrkja må spele ei aktiv rolle i klima- og miljøspørsmåla. Kyrkjemøtet har vedteke ei eiga klimamelding med klare ambisjonar for klima og berekraft. Dette er eit engasjement som spring ut av den kristne forvaltartanken. Den norske kyrkja må vere ei profetisk røyst som utfordrar politikarar og andre samfunnsaktørar i viktige spørsmål som gjeld vår felles framtid.

Kristendommen er nestekjærleikens religion. Du skal elske din neste som deg sjølv, sa Jesus. Kyrkja må stå opp for menneskeverdet og seie frå når det blir truga. Det inneber sjølvsagt at kyrkja kan kome til å kritisere politiske styresmakter – og kanskje har dette vorte lettare etter at banda mellom kyrkja og staten har vorte lausare. Men det må politikarane tåle. Eg synest nok at somme har vore vel hårsåre i reaksjonen på utsegner frå kyrkjeleg hald.

Men kor går grensa for politisk engasjement frå kyrkjeleg side? For meg er det klart at grensa går ved partipolitikken., slik eg har vore inne på. Kyrkja skal ikkje fremje dei konkrete politiske løysingane på samfunnsproblema. Det er dei politiske partia si oppgåve.

Kjære alle!

Posted on Updated on

PICT0043
Frå Borge gamle kyrkje, Lofoten. Foto: Leif Westermoen.

Røystene i den første røysterunden i bispevalet i Sør-Hålogaland er talde opp. Resultatet syner at eg ikkje har fått nok røyster til å gå vidare til finalerunden. Det tyder at eg ikkje lenger er aktuell som biskop i Sør-Hålogaland.

Eg vil takke Sør-Hålogaland bispedømme som nominerte meg. Det var ei ære å bli spurt. Med det har bispedømmerådet synt meg tillit som ein av kandidatane til å bli biskop. Eg har stilt meg til disposisjon for å gjere ein jobb for det bispedømmet eg kjem frå. Takk til alle som har støtta meg og røysta på meg!

Det har vore spennande å vere med i valprosessen.

Gratulerer til dei tre som går vidare til neste runde: Ann-Helen, Rolf og Kari! Takk òg til dei to andre medkandidatane: Olav Rune og Kristine!

Eg har bestemt meg for ikkje å leggje ned denne bloggen – sjølv om «bispevalkampen» er over for min del. Frå no av vil eg blogge som professor i teologi ved Universitetet i Oslo.

Beste helsingar Hallgeir

Første røysterunde snart over

Posted on Updated on

Det er berre timar att av den første røysterunda i bispevalet i Sør-Hålogaland. Torsdag 13. august midnatt går fristen ut. Det er spennande dagar for oss som er kandidatar!

Det var ei ære å bli spurt av Sør-Hålogaland bispedømmeråd om å vere med i nominasjonsprosessen og bli nominert. Det tyder at bispedømmerådet har meint at eg er skikka for oppgåva. Eg har sagt ja fordi eg ønskjer å gjere ein innsats for dette flotte bispedømmet.

IMG_0770
Vågan kyrkje, Lofotkatedralen. Nord-Noregs største trebygning, innvigd i 1898. Foto: Tommy Selsøvold.

Eg kjem frå Nordland, er glad i denne landsdelen, i kyrkja og folket her. La meg sitere Mathias Bonsak Krogh, den første biskopen i det nordlegaste bispedømmet, som òg kom frå landsdelen: «Nordland er mig kjært. Det er mitt fødested. Jeg nøt der min ungdoms første gleder.»

Det er mange kvalifikasjonar som blir kravd av ein biskop – og med rette. Eg meiner det er viktig at ein biskop har fagleg kompetanse ut over teologisk embetseksamen. Som professor i teologi – kombinert med nærleik til det kyrkjelege praksisfeltet – meiner eg å ha viktig kompetanse for å vere biskop i Sør-Hålogaland og medlem av bispekollegiet.

Eg er glad i folkekyrkja. Den store styrken med folkekyrkja, slik eg ser det, er at det er rom for eit mangfald, for ulike fellesskap og ulike måtar å lese Bibelen på. Eg ønskjer å vere biskop for alle.

2014: Fleire melder seg ut av Den norske kyrkja

Posted on Updated on

I mai offentleggjorde Statistisk Sentralbyrå tal som syner at utmeldingane av Den norske kyrkja er dobla frå 2013 til 2014, frå 5 464 til 11 003. Ikkje sidan 1978 har talet på utmeldingar vore større. Dette året melde 11 755 personar seg ut av kyrkja. Tredje høgst ligg 1983 med 9 990 utmeldingar.

Det er rimeleg å sjå fjorårets topp på utmeldingsstatistikken som ein reaksjon på Kyrkjemøtets vedtak om ikkje å tillate vigsel av homofile i kyrkja. Mest truleg er det i første rekkje tilhengjarar av at homofile skal kunne gifte seg i kyrkja som har teke steget ut av kyrkja. Aftenposten melder 7. august at det har vore eit oppsving i talet på utmeldingar mot slutten av juli i år. I tid fell dette saman med kunngjeringa av biskop Per Arne Dahls nei til å la likekjønna par gifte seg i kyrkja. Det er all grunn til å sjå ein samanheng her.

bdomkirk01-med
Sør-Hålogaland skal ha ny biskop. Frist for røystinga er 13. august. Spennande tider! Her Bodø domkyrkje. Foto: Jiri Havran.

Konfliktar i kyrkja fører nesten utan unntak til utslag på utmeldingsstatistikken. Mot slutten av 1970-åra, då utmeldingane gjekk kraftig opp, var temperaturen i abortdebatten høg. Hyrdebrevet frå biskopane då Stortinget hadde vedteke lov om sjølvbestemt abort i 1978, provoserte mange. Ein del av dei som ikkje var samde i det kyrkjelege abortstandpunktet, melde seg ut i protest.

Same året vart det kjend at prestar i Den norske kyrkja hadde teke del i demonutdrivingar, og dette skapte store reaksjonar. Andre konfliktsaker var kristen føremålsparagraf i barnehagar og rett til alternativ livssynsundervisning. Religiøse stridsspørsmål stimulerte religionskritikken. I 1978 hadde Human-Etisk Forbund og Heidningsamfunnet to utmeldingsaksjonar av statskyrkja. Tidleg på 1980-talet var den såkalla Hognestad-saka aktuell, og ein del tok som følgje av kyrkja si handsaming av denne saka steget ut av kyrkja, jf. talet på utmeldingar i 1983.

Homofilistriden skaper polarisering i kyrkja. Også folk med konservativt standpunkt melder seg ut som ein reaksjon på ei utvikling i Den norske kyrkja dei ikkje likar. I sommar vedtok Norsk Luthersk Misjonssamband å bli eige trussamfunn. Ennå veit vi ikkje kor stort omfanget av utmeldingar kan bli som følgje av dette.

Er utmeldingstoppen i 2014 utslag av sekularisering? Etter mi meining kan ein ikkje utan vidare tolke ein einskild topp på utmeldingsstatistikken som utslag av ein generell sekulariseringstendens. Ein viktigare indikasjon er truleg dei jamne utmeldingane år for år. I høve til det totale folketalet går medlemstalet i Den norske kyrkja stadig ned, og er i 2014 74 %.

Det tydelege fallet i dåpstala dei siste åra peikar i sama lei. I 2013 var første gong dåpsprosenten var lågare enn konfirmasjonsprosenten i Den norske kyrkja. I 2014 er talet nede i 59 % av alle fødde. For folkekyrkja er denne nedgangen alvorleg. Det kan synast som tidlegare sentrale religiøse tradisjonar og ritar er utsette for ein forvitringsprosess. For ein ny generasjon foreldre er det ikkje utan vidare sjølvsagt at dei skal velje kyrkjeleg dåp for borna sine. Dei må sjølv kunne stå inne for dette. Familietradisjonar spelar ikkje same rolle som tidlegare. Snarare er påverknad frå vener i same alder ein viktigare faktor.

Den kanadiske filosofen Charles Taylor hevdar at den viktigaste forma for sekularisering ein står overfor, er at sekularisme har vorte ramma for korleis ein tolkar menneskelivet i dei vestlege samfunna. Kristen tru og praksis krev aktiv grunngjeving, ikkje alternativet. Det inneber at det har vorte vanskelegare å tru på Gud og velje religiøs praksis. Dette kan vere ein del av forklaringa på forvitringa som religiøse tradisjonar og riter synest å vere inne i også i det norske samfunnet.

Like kandidatar?

Posted on Updated on

Det har vore gjenteke at dei nominerte kandidatane til å bli ny biskop i Sør-Hålogaland er slåande like. Det gjeld teologisk, der alle kandidatane blir oppfatta som ”liberale”. Det har vore peika på at alle dei seks kandidatane har eit homoliberalt syn. Dessutan har det òg vore gjort eit poeng ut av at kandidatane politisk – med eitt unntak – plasserer seg på venstresida. ”Politisk korrekt” har vore nytta som karakteristikk på oss nominerte.

Til det siste: Kyrkja er ikkje eit politisk parti eller foreining. Ein biskop skal ikkje flagge partipolitikk. Derfor meiner eg at det strengt teke ikkje speler noka rolle kva slags politisk bakgrunn ein bispekandidat har. Dessutan vil eg minne om at det tradisjonelt har vore ein allianse mellom kyrkja og høgresida – utan at det i nemneverdig grad har vorte problematisert.

tor7435539095753745018
Ikkje uvesentlig kven av dei nominerte kandidatane som etterfølgjer Tor B. Jørgensen på bispestolen i Sør-Hålogaland. Foto: Frida Bringslimark.

Det er grunn til å vere kritisk til påstanden om at dei seks kandidatane er så like. Ein kan nesten få inntrykk av at det er likegyldig eller uvesentleg kven av oss som til slutt blir ny biskop i Sør-Hålogaland. Eg trur ikkje dette på nokon måte er uvesentleg. Vi har forskjellig bakgrunn og røynsle, og vil utøve og profilere bispetenesta på forskjellig måte.

La meg nemne eit punkt: Leiing. Leiing er vesentleg viss ein skal vere biskop. Alle dei nominerte kandidatane har relevant leiingsrøynsle – men den er langt frå lik. Det er nok å sjå på kva stillingar vi sit i per dags dato. Vesentleg er kva ein tenkjer om leiing og ikkje minst korleis ein leier, kva slags leiarstil ein har. Eg skal ikkje snakke for andre enn meg sjølv. Eg står for ein tenking om leiing, der eg meiner ein må tillate at meiningar brytast mot kvarandre i eit ope rom. Kritiske spørsmål er viktig å lytte til –  og etterpå må ein kunne vere like gode vener.

For biskopen som leiar er det viktig å kunne inspirere og motivere. I eit arbeidsfellesskap som eit bispedømme er, treng vi å gjere kvarandre gode. Å løfte fram og synleggjere medarbeidarane, er noko av det viktigaste biskopen kan medverke til.

Eit ideal for korleis eg tenkjer om leiing er aktivt medarbeidarskap. Dersom eg blir ny biskop i Sør-Hålogaland, vil eg vere oppteken av at ein saman byggjer ein kultur som er tufta på at kvar einskild medarbeidar kjenner eigarskap og ansvar for arbeidsoppgåver og heilskapen i bispedømmet. Som leiar har eg grunnleggjande tillit til medarbeidarane, at dei er ansvarsmedvitne, handlings- og løysingsorienterte. Kyrkja i Nordland har kunnskapsrike og dugande medarbeidarar. Menneska er den viktigaste ressursen, som må forvaltast på en god måte. Derfor er det viktig for meg med ein god personalpolitikk i bispedømmet. Eit fokus på rekrutteringsutfordringa til kyrkjelege stillingar høyrer hit.

Eg ønskjer å gjere ein innsats for Sør-Hålogaland bispedømme

Posted on Updated on

Det er knappe to veker att av bispevalet i Sør-Hålogaland. Fristen er 13. august. Eg vonar dei røysteføre nyttar høvet til å seie kven dei ønskjer skal bli den neste biskopen med sete i Bodø.

Eg har sagt ja til å vere bispekandidat fordi eg ønskjer å gjere ein innsats for dette flotte bispedømmet. Eg ønskjer å bruke kompetansen min til fordel for kyrka i Nordland. Eg er glad i landsdelen, kyrkja og folket her. Som nordlending kan eg syngje med Elias Blix: ”Der mitt hjarta er fest, med dei finaste band”.

3830252258_0ef3edca17
Buksnes kyrkje, Gravdal i Lofoten.

Eg vil vere ein engasjert og entusiastisk biskop for kyrkja i Sør-Hålogaland. Med min bakgrunn som professor med kjennskap og røynsle frå utdanning og forsking meiner eg at eg har noko å tilføre bispedømmet og bispekollegiet.

Fokus på rekruttering

Om valet skulle falle på meg, vil eg frå første dag som biskop prioritere arbeidet med rekrutteringa til kyrkjeleg teneste. Dette er ei svært viktig sak for meg. Sør-Hålogaland har ein framifrå ressurs i gode medarbeidarar, men det er naudsynt stadig å rekruttere fleire. Eg ønskjer å leggje opp til ein målmedviten rekrutteringsinnsats i bispedømmet, med ei brei tilnærming til feltet. Eg vil prioritere rekrutteringa til lokalkyrkjelydens tenester. Det er i “førstelinjetenesta” at kyrkja møter folket og er folkekyrkje i genuin meining. Derfor må det arbeidast for å motivere til teneste nett i lokalkyrkjelyden.

Fokus på folkekyrkja

Vi er kyrkje fordi vi har godt nytt å bere fram for alle menneske: evangeliet om Jesus Kristus. Forkynninga av evangeliet rettar seg til alle som vil høyre og ta i mot. Derfor er kyrkja folkekyrkje.

Sør-Hålogaland har ein folkekyrkjevisjon som skal vere eit fyrtårn å styre etter: ”Folkekirka i Sør-Hålogaland – ei åpen dør i tro, håp og kjærlighet.” Denne visjonen ønskjer eg å halde oppe, utvikle vidare og utdjupe. Eg ønskjer å gjere Sør-Hålogaland til eit senter for folkekyrkjeleg tenking og praksis. Dette ønskjer eg å gjere i ein dialog med alle tilsette og kyrkjelydane. Ikkje for å innføre nok ei arbeidskrevjande reform, men for ei vidareutvikling av det kyrkja i Nordland alt er og gjer.

bdomkirkekstra-med
Bodø domkyrkje, interiør. Foto: Jiri Havran.

For meg er folkekyrkja først og fremst ein kvalitet ved kyrkja, ein bestemt måte å vere kyrkje på. Folkekyrkje inneber ein visjon av det kristne livet som stadfestar at vi er skapte, og som dermed det vanlege, allmenne menneskelivet, og ikkje står i motsetnad til det. For meg seier Grundtvigs ord ”Menneske først, kristen så” noko vesentleg om kva det vil seie at kyrkja er folkekyrkje.

I det lokale kjem kyrkja til syne som folkekyrkje, ho er innfelt i samfunnet, kulturen og naturen på staden. Som menneske er vi utleverte til og avhengige av kvarandre, og vi er ein del av naturen og omgjevnadene vi ferdast i. Vi har eit ansvar for å forvalte naturen og ressursane. Kyrkja må spele ei aktiv rolle i klima- og miljøspørsmålet. Folkekyrkja må fremje menneskeverdet og seie frå når det blir truga.

Fokus på Sør-Hålogaland

Skulle valet falle på meg som ny biskop i Sør-Hålogaland, vil eg prioritere arbeidet i bispedømmet. Dette er etter mitt syn det fremste kallet for bispetenesta: å vere til stades, for kyrkjelydane og for dei kyrkjeleg tilsette i bispedømmet. Eg vil motivere, oppmuntre og inspirere til at kyrkja si kjerneoppgåve med å forkynne evangeliet og å forvalte sakramenta blir ivareteken over alt i bispedømmet.

Store oppgåver og utfordringar ventar kyrkja i Sør-Hålogaland. Tida kallar på oss.