Month: november 2015

Tillit til forskinga krev god forskingsetikk

Posted on Updated on

Forskingsetikk høyrer med som ein integrert del av eit kvart vitskapeleg arbeid. Forskaren må reflektere over forskingsetiske normer og verdiar gjennom heile forskingsprosessen, frå planlegginga av forskingsprosjektet og fram til resultatet er formidla. God forskingsetikk handlar om at samfunnet kan ha tillit til forskinga og kan stole på resultata som forskinga kjem fram til.

Forskingsetikk inneber, kort sagt, at forsking blir vurdert i relasjon til normer og verdiar i samfunnet. Vurderinga gjeld både problemstillingane det blir forska på, metodane som blir nytta og måtane ein tenkjer å utnytte forskingsresultata på.

images
God forskingsetikk er naudsynt for at samfunnet skal kunne stole på resultata av forskinga. Foto: Shutterstock.

Kor viktig forskingsetikk er, ser vi kvar gong det skjer brot på forskingsetiske normer. Dei fleste hugsar vel den såkalla Sudbø-saka i 2006, der legen og tannlegen Jon Sudbø vart avslørt for omfattande forskingsfusk. Saka vart slått stort opp både i Noreg og internasjonalt. Det vart avslørt at Sudbø hadde drive fabrikasjon av forskingsdata. Han innrømde å ha dikta opp om lag 500 pasientar.

I Danmark verserer det ei sak i media for tida. Teologen Esben Lunde Larsen blir klaga for plagiat i ei doktoravhandling om Grundtvig. Avhandlinga vart forsvara for doktorgraden ved Det teologiske fakultet, Universitetet i København i 2012. Saka er særleg pinleg fordi Lunde Larsen er utdannings- og forskingsminister i den danske regjeringa, og dermed er sett til å ha eit overordna ansvar for forskingsetikken. Nestleiaren for Udvalget vedrørende god videnskabelig praksis på Universitetet i København, professor Peter Sandøe, uttalar: “Læseren får det indtryk, at de fine ord er et udtryk for forfatterens eget forsøg på at sammenfatte en central pointe i afhandlingen. Hermed nærmer vi os plagiat, som er en form for videnskabelig uredelighed”. No skal avhandlinga til ministeren granskast nærmare av uhilda fagfolk.

Fabrikasjon av forskingsdata og plagiat er to døme på alvorlege brot på god forskingsetikk. Det bryt med det sjølvsagte prinsippet om at forskinga skal vere etterretteleg. I begge tilfelle er det snakk om juks. I det eine tilfelle vil dette vere medvite, i det andre tilfelle treng det ikkje vere medvite, det kan faktisk skuldast slurv. Begge delar er kritikkverdig. Eit sentralt krav til ein forskar, er å praktisere god referanseskikk. Når ein nyttar materiale frå andre sitt arbeid, skal det vere kjeldetilvising. Dette er eit ufråvikeleg krav.

Forskingsetiske normer og verdiar skal i første rekkje medverke til å førebyggje at det skjer forskingsjuks. Dette er eit viktig element i heile danninga av ein forskar, og krev opplæring. Forskingsetikk er ikkje berre eit individuelt ansvar for den einskilde forskaren. I desse dagar har Kunnskapsdepartementet endringar i forskingsetikklova ute på høyring. Mellom anna gjer ein framlegg om å lovfeste at forskingsinstitusjonane skal få eit tydelegare ansvar for forskingsetikk. Dette skal kome i tillegg til det ansvaret som den einskilde forskaren har. Departementet vil gje institusjonane eit opplæringsansvar og krav om å skipe til gode rutinar. Slik medverkar ein til å gje gode rammer for forskingsverksemda, og til at forskarar for gode haldningar til etikk i forskingsarbeidet.

Det er all grunn til å helse desse endringane i forskingsetikklova velkomne. Samstundes blir det gjort eit viktig arbeid i dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Desse skal medverke til at all forsking går føre seg etter godkjende etiske normer. Dei forskingsetiske retningslinjene byggjer på lova, og skal vere eit hjelpemiddel for forskaren til å følgje ein god forskingsetisk praksis. Lovendringane frå departementet vil styrkje systemet med dei nasjonale forskingsetiske komiteane.

Etter Paris

Posted on Updated on

De grufulle terroråtaket i Paris fredag 13. november har rysta oss. Sju ulike stader i verdsmetropolen vart råka. 130 menneske er drepne og over 300 skadde. Det finst ikkje ord for den vondskapen som terroren representerer. IS har teke på seg ansvaret. Dei bryr seg ikkje om at menneske lider. Eg har tenkt mykje på ofra og deira nærmaste i desse dagane. Eg kjenner på maktesløysa, på frustrasjonen. Korleis kan menneske vere så vonde?

76810AAF-4740-4BE9-9285-81260BB39330_w640_r1_s_cx0_cy3_cw0
Etter terroråtaka i Paris 13. november. Sørgjegudsteneste i Notre Dame. Foto: Reuters

Terroristane vil skape frykt, dei vil ikkje at menneske skal leve i fridom. Dei hatar Paris sitt levevis. Ja, terrorhandlingane uttrykkjer eit stor hat. Men vi må ikkje vike attende for terrorismen og ekstremismen. Vi må løfte verdiane knytt til fridom, demokrati og det opne samfunnet. Ingen skal få oss frå det. Vi må syne solidaritet med det franske folket, med parisarane. Vi står saman med dykk, vi rekkjer dykk hendene våre – i støtte og medkjensle.

Det som skjedde i Paris 13. november gjer oss fortvila og urolege. Kjem det fleire åtak andre stadar? Vi blir gripne av frykt, som naturleg er. Men det gjeld ikkje å bli lamma av redsle. Ingen skal ta frå oss fridomen vår. Vi må halde fram å leve liva våre. Om vi ikkje gjer det, har terroristane vunne. Det skal dei ikkje!

Terroristane vil auke motsetnadene mellom menneske. Dei vil ikkje at menneske skal snakke saman, byggje relasjonar. Dei vil i staden kløyve og skape strid. I deira verd av hat finst ikkje nestekjærleik.

Har det noko med religion å gjere?

Har terrorverksemda til IS noko med religion, med islam å gjere? Det er vanskeleg å kome utanom. Terroristane utøver vald i religionen sitt namn. Terroraksjonar og vald skjer under rop om «Allahu akbar». Vi kan seie at det er misbruk av religion, men det handlar like fullt om religion. Dei som gjer denne typen valdsaksjonar, brukar religion og handlar ut frå ei religiøs grunngjeving. Å seie at dette ikkje har med religion å gjere, er det same som å seie at krosstogferdene i mellomalderen ikkje har med kristendommen å gjere – i 1095 motiverte pave Urban II det første korstoget med at “Gud vil det” – eller at inkvisisjonen og hekseforfølgingane ikkje har noko med kristendom å gjere.

Meir kunnskap om religion

Vi må freiste å forstå kvifor og korleis radikalisering skjer innanfor islamske miljø. Det handlar om fattigdom og marginalisering, og det handlar om at religion framleis har tiltrekningskraft på menneske. Det er berre vi i det sekulariserte Europa som ikkje vil innsjå det. For å forstå det som skjer, treng samfunnet meir kunnskap om religion. Og det er naudsynt for religiøse leiarar å ha kunnskap om det samfunnet dei lever i. Det teologiske fakultet har lang røynsle med kursing av utanlandske religiøse leiarar. Fleire meiner at ei norsk imamutdanning ved universitetet er ein god idé.

I ein mykje lesverdig kommentar i Morgenbladet skriv Lena Lingren mellom anna: “Her hjemme bør vi slutte å tro at en vellykket politikk mot radikalisering først og fremst klekkes ut hos PST. Radikalisering bekjempes ved at verdens muslimske befolkning mobiliseres; tar religionen sin tilbake”.

Dei muslimane som mobiliserer for å ta religionen sin attende frå ekstremismen og terroren sitt misbruk, treng vår støtte.