Month: desember 2015

Jul i gamle dagar

Posted on Updated on

19920867708_f1a66d21b9_z
Julekort frå 1889. Eigar: Nasjonalbiblioteket

I norsk folkekyrkjetradisjon er jula den store høgtida i året. Kjernen i julefeiringa er det kristne juleevangeliet og minnet om Jesu fødsel. Men nordmennene hadde feira jul før kristendommen. I norrøn (heidensk) tid vart jól feira som ein midtvinterfest, truleg 12. januar. I samband med innføringa av kristendommen i Noreg, vart feiringa av jól endra til 25. desember som var innarbeidd som datoen for kyrkja si feiring av Jesu fødsel – av Håkon den gode Adalsteinsfostre på 900-talet.

Førebuingstid før jul

Julehøgtida var eit kjærkome avbrekk i ein hard arbeidskvardag. Men før ein kom så langt, hadde jula si førebuingstid, adventa. ”Før Juul er der i Bondens Gaard en travel Tid. Der er saa Meget som da maa være færdigt, og der maa sørges for god Forsyning baade ude og inde for at man siden uforstyrret kan holde heilagt, og have noget at gjøre sig selv og sine Gjæster til gode med”, skriv presten M. B. Landstad frå Telemark. Mat og drikke måtte gjerast i stand, julelys måtte støypast, og i klesvegen skulle alle ha noko nytt på seg til jul. Det var viktig å ha sikra juleveden før jula ringde inn. Ein skulle ha eit så stort lager at ein heldt det godt og varmt i huset utan å bryte julefreden. Sjølv om det kunne vere vanskeleg å få tida til å strekkje til, gjekk arbeidet aldri lettare frå handa, fordi ein gledde seg til jul.

6424398165_a05f96b6e2_z
Fuglar i neket. Julekort, ca. 1900. Eigar: Nasjonalbiblioteket.

Ein fin tradisjon frå gammalt av var å sette opp julenek. Det var vanleg å sette det opp utanfor lovedøra, og det var, seier Landstad, ”et Taknemmeligheds og Kjærligheds Tegn”. Ein skulle glede småfuglane ”som hverken saa eller høste eller sanke i Laden”. Neket var sporven sin julekveldsmat. Det var òg vanleg at husbonden strauk ein kross med tjøre over alle dørene på garden, slik at ein skulle få fred for alle vonde makter og trollskap som var på ferde i jula,.

Når alle juleførebuingane var over, var det tid for julebadet. Det gjekk gjerne føre seg i ein stor badestamp, der alle bada i tur og orden. Så skulle ein kle seg i reine klede. Mange stadar venta ein til julaftan, slik at ein kunne gå nybada til julebordet.

Når kyrkjeklokkene ringde jula inn, bruka bonden å ta rifla ned frå veggen og gjekk ut på tunet og skaut tre ”Glædesskud”, blir det fortalt frå Telemark. Dette vart kalla å skyte inn jula. Presten Landstad antok at ”disse oprinnelig mere have havt til Hensigt at skræmme Trold, end love Herren og indvie hans Fest, thi intet er et paalideligere Middel mod alt Troldskab end Krudt og Kugler, eller Børseskud; for dem maa baade Tusser og Nisser flygte.”

 Juleskåka

Ein særeigen skikk for Nord-Noreg er juleskåka. I våre dagar er det nok ikkje så mange som har høyrd om skikken. Det var helst dei unge som veslejulaftan eller julaftan tidleg om morgonen lura seg inn til dei som ennå sov og risa sjusovaren med eit bjørkeris (skåka) på teppet til han eller ho vakna. Det var rekna som ei skam å sove så lenge at ein fekk skåka. En skulle tidleg opp for å gjere dei siste førebuingane.

Somme stadar har det òg vore tradisjon at ein av dei unge, gjerne ein av gutane, måtte opp juledagsmorgon og koke kaffi og servere til alle i huset.

God mat og drikke

God mat og drikke var viktig til jul. ”Det er jul berre ein gong i året”, sa folk. ”Det som er kjøpt til jul, skal gå til jul”. I jula skulle ein ikkje spare på noko. Med det spartanske kosthaldet ein måtte klare seg med elles i året, var julematen noko ein såg fram til. I Lofoten, der eg kjem frå, var det gjerne vanleg med lefse, gomme eller kjøttrull til julefrukosten. Om kvelden julaftan var det ofte julegraut, dvs. risgrynsgraut, aller helst med eit lag med rømmegraut på toppen. Julemiddagen var gjerne kjøt, men kunne òg vere fisk, helst lutefisk, torsk eller kveite.

Juledagen, som var høgtidsdagen, var det mange stader gjerne kjøt til middag: ”Oxekjød, Faarekjød, Grisekjød og alle slags rare Pølser”. Sjølvsagt måtte alle ha godt juleøl. Ølbrygginga skjedde etter nøye oppskrift. Ølet måtte vere laga av malt, og helst måtte det bryggjast på ein torsdag. Ein skulle ikkje smake på juleølet før det hadde gått 8 dagar. Det var ikkje berre griskjøt, men I innlandet var lutefisken ein fast del av julematen.

Dyra skulle ha det godt

Det var ikkje berre menneska som skulle ha det godt i jula. Dyra måtte òg stellast godt med. Før ein var ferdig med fjøsstellet på julekvelden, fekk dyra gjerne ekstra og godt høy. Det var heller ikkje uvanleg å ønskje kvart dyr god jul. Dei pynta òg opp i fjøset, og det skulle alltid brenne lys i fjøset julekvelden. Lyset heldt alle vonde makter borte frå dyra.

6424398467_7665b83853_z
Julenisse. Julekort, ca. 1901. Eigar: Nasjonalbiblioteket.

Nissen

Julenissen høyrde heime i jula, då som no. Det er rimeleg at sjølve namnet nisse kjem frå Nikolaus, som var ein kristen helgen. Men nissefiguren har røter endå lenger attende. Nissen var eit gardsvette, som det var viktig for folket på garden å halde seg inne med. Julenissen var alltid velkomen. Derfor skulle det stå mat på bordet julenatta. Der det ikkje var mat, kom ikkje nissen inn. Der nissen ikkje hadde vore, vart det ikkje skikkeleg jul.

Juletreet

For mange er nok juletreet det fremste symbolet på julehøgtida. Opphavleg er dette ein tysk skikk som kom til Noreg på 1800-talet, først i byane. Mot slutten av hundreåret byrja skikken å spreie seg til landsbygda. Alle stader var det borgarskapet som først byrja å ha juletre. Først litt etter litt vann skikken fotfeste i bonde- og bygdemiljø.

Innføringa av skikken med juletre skjedde ikkje utan motstand. Truleg hadde motstanden samanheng med uvilje mot å ape etter dei “finare”. Men motstanden kunne òg vere religiøst motivert. Nokre såg dette som avgudsdyrking. “Ja, dette er som då israelittane i øydemarki dansa um gullkalven”, heiter det frå Vartdal på Sunnmøre. Ein stad rekna ein det for synd og gudsspotting å syngje salmar kring eit pynta tre. “Ein har byrja å dyrke råfura”, sa folk i Syvde. Men her som på mange andre område gjekk skulen foran. Då skulane tok til å halde julefestar med juletre, vart borna ivrige forkjemparar for juletre i heimane, og det var ikkje lenge før juletreet var å finne mest i alle hus.

20026962884_26da1882d5_o
Maria og Jesusbarnet i stallen. Julekort frå ca. 1909. Eigar: Nasjonalbiblioteket

Til kyrkje i jula

Juledag var kyrkjedag. Då var det skikk at alle, så sant mogleg, skulle til kyrkje. Ein måtte gjerne stå opp tidleg for å rekkje julegudstenesta. Mange stader fortel ein at det var sport å kappkøyre med hest til kyrkja. ”Ved Kirken mødes nu alle glade, her lyder fjernt og nær i Folkeflokken den vanlige Hilsen: ”guddag, glædeleg jól, lykke og velsignelse og alt som gott er!”, fortalde Landstad frå Telemark.

På juledagen skulle alle vere kvar hos seg. Då måtte ingen gå til grannane. Men i romjula var det fritt fram for å vitje kvarandre. Folk flest hadde ikkje råd til store juleselskap slik som overklassen, men ein vitja kvarandre og fekk smake av julematen. Ingen måtte kome på vitjing utan å få noko å ete, for då ”bar dei jula ut” når det gjekk. Romjula var òg tid for ulike julesprell, dei ”gjekk julbukk” og kledde seg ut. Ein måtte ta vel i mot julbukkane og be dei til bords. I julehelga måtte ein elles ikkje arbeide, anna enn det som var strengt naudsynt.

Nyttår

Fleire stader heiter det at nyårskvelden var mest like stor høgtidskveld som julaftan. Nyårsdagen gjekk ein gjerne til kyrkje. Frå Nord-Noreg finst det oppteikningar som seier at ein trudde åndene heldt gudsteneste i kyrkja nyttårsnatta. Det var lys i kyrkja den natta, og om nokon skulle døy det året, høyrde dei kyrkjeklokka.

Varsel og merke

Jule- og nyårstida var ei rik tid for ulike varsel og teikn, som kunne spå liv og lagnad, årsvekst og fangslukke inn i det nye året. Mellom anna var det knytt ulike vermerke til dei ulike dagane i jula. Til dømes spådde stormver julenatta uår og krig. Men det vart oppfatta som eit dårleg teikn om det sat 13 til bords nyttårskvelden. I Ringebu meinte ein at det ville kome ulukke over huset. Helst var det ein av dei som skulle døy. I Ringebu var det òg skikk å kaste skoen sin over hovudet sitt mot døra nyårskvelden. Då skulle ein sjå etter korleis skoen peika det han vart liggjande. Peika han ut mot døra, kom ein til å flytte frå garden neste år. Men peika han innover i stua, skulle ein bli verande.

Når ein dengde ungane nyttårskvelden, vart dei snille heile året, heitte det i Skjåk. I Kvikne heitte det seg at mannen på garden kunne gå ut å høyre godt etter om nyttårskvelden. På noko han høyrde, ville han få vite om det vart medgang eller motgang i året som kom.

Jula varte til tjuandedagen

Jula varte i alle fall til trettandedagen (6. januar). Denne dagen var rekna som ein halvt heilagdag. Men helst markerte tjuande dag jul (13. januar) at jula var over. Julematen skulle minst vare til denne dagen.

 

Litteratur

Berg, Knut Anders 1993. Julen i norsk og utenlandsk tradisjon. Oslo: Gyldendal.

Blix, Dagmar 1975. Gamle Lofoten. Orkanger: Rune.

Bratrein, Håvard Dahl 1975. ”Nordnorske juleskikker”. Ottar 4/75, 5-10.

Bø, Olav 1984. Vår norske jul. Oslo: Samlaget.

Bø, Olav 1985. Høgtider og minnedagar. Oslo: Samlaget.

Eidnes, Asbjørn (red.) 1973. Nord-Norge i manns minne. Daglegliv ved hundreårsskiftet. Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre. Oslo: Samlaget.

Henriksen, Vera 1970. Christmas in Norway. Past and Present. Oslo: Tanum.

Hodne, Bjarne 1982. Glædelig jul. Glimt fra julefeiringens historie. Oslo: Universitetsforlaget.

Hodne, Ørnulf 2007. Jul i Norge. Gamle og nye tradisjoner. Oslo: Cappelen.

Hveding, Johan 1935. Folketru og folkeliv på Hålogaland. Oslo: Norsk Folkeminnelag.

Landstad, M. B. 1927. Fra Telemarken. Skik og sagn. Efterladte optegnelser. Oslo: Norsk Folkeminnelag.

Skjelbred, Ann Helene Bolstad 2014. Jul i Norge. Trondheim: Museumsforlaget.

 

 

Når religion blir eit problem

Posted on Updated on

Religion blir livleg diskutert. Ein kan knapt opne ei avis utan at religion på ein eller annan måte er tematisert. Det er ikkje så lenge sidan ein trudde at religionen ville døy ut i dei vestlege samfunna, og at ein gjekk mot det religionslause samfunnet. Til overrasking for mange har dette ikkje skjedd. I staden snakkar vi om ”religionen sin attendekomst” i allmenta.

Samstundes blir religionens sin plass i det offentlege rommet òg sterkt problematisert. I det siste har vi hatt fleire døme på det.

Eitt døme var UDIs krav til Det norske misjonsselskap (NMS) om å fjerne alle religiøse symbol og Jesusbilete før ein leirstad kunne nyttast mellombels til å huse flyktningar. Som flyktningmottak måtte leirstaden vere livssynsnøytral – og det trass i at leirstaden tilhøyrer ein kristen institusjon. Mange reagerte sterkt på det som vart oppfatta som eit urimeleg krav frå UDI, som valde å snu i saka.

49505
Skolegudstenester blir stadig problematisert. Retningslinjene krev no aktiv påmelding frå elevane for deltaking på skolegudsteneste. Her frå Drammen.

Eit anna døme på problematiseringa av religionen sin plass i det offentlege rommet er den siste tidas debatt om feltprestar og sjukehus- og sjukeheimsprestar. I budsjettframlegget ville det nye byrådet i Oslo fjerne støtta heilt til sjukeheimsprestane. Argumentasjonen for det var at ordninga inneber ei urimeleg favorisering av eitt trussamfunn. Tenestetilboda i det offentlege må vere livssynsnøytrale. Framlegget vekte sterke reaksjonar, og byrådet snudde.

Nyleg var det ein debatt i Litteraturhuset i Bergen mellom Bjørgvin-biskopen og generalsekretæren i Human-Etisk Forbund (HEF) om religionen sin plass i det offentlege rommet. Dei kom fort inn på spørsmålet om prestar i forsvaret og ved sjukehusa. Generalsekretæren i HEF argumenterte for at det må vere livssynsnøytrale samtalepartnarar i forsvaret og på sjukehusa. Dette må gjerne vere psykologar og filosofar. Ho stilte spørsmålsteikn ved kva kompetanse prestar har til å samtale med folk som ikkje trur. Framleis er det slik at prestar i Den norske kyrkja går med dødsbod, ei teneste vi gjer på vegne av samfunnet. I følgje reportasjen frå debatten i avisa Dagen skal generalsekretæren i HEF ha uttala at ho såg det som eit overgrep å få ein prest på døra. Tenk: eit overgrep! Med ein slik bruk har ordet mista si meining.

Det slår meg at generalsekretæren – og byrådet i Oslo for den del – ikkje kjenner utdanninga til prestane. Prestar er teologar – dei har ei lang akademisk utdanning på linje med psykologar, medisinarar og juristar. Det er eit problem at ein utelukkande ser prestar (og teologar) som representantar for eit trussamfunn, og ikkje tek med at vi òg snakkar om ein profesjon. Institusjonsprestane spelar ei rolle både i høve til terapi og som rådgjevarar i etiske spørsmål, slik biskopen peika på i debatten i Bergen (teologane er nemleg skolerte i etikk, nett som filosofane).

Kritikken av prestar i offentlege institusjonar som forsvaret og helsevesenet blir gjerne kopla opp mot at dette er ein arv frå at Den norske kyrkja var statskyrkje. Etter grunnlovsendringane i 2012 er ho det formelt sett ikkje lenger – rett nok er ho ”Norges folkekirke” i følgje grunnlova – og staten har ikkje lenger ein offentleg religion. Dette gjer det ikkje lenger rimeleg med eit særskilt presteteneste i forsvaret, ved sjukehus og sjukeheimar. Etter mitt syn representerer det ei urimeleg innsnevring og ei manglande forståing av kva prestetenesta ved slike institusjonar faktisk går ut på.

Så har vi det stridsspørsmålet som dukkar opp kvart einaste år i adventstida: skolegudstenestene. I år er det kome nye retningslinjer frå Utdanningsdirektoratet som seier at det må vere aktiv påmelding for elevane for å delta i skolegudstenester og i alternative opplegg. Men reint parodisk vart det då Bærum-skolane kravde melding frå foreldra for at elevane kunne gå rundt juletreet! Kunnskapsministeren uttala at det bør vere grenser for kva skolen skal spørje foreldra om, og leiaren for kyrkje- og undervisningskomiteen åtvara skolane mot å bli ”overhysteriske”.

Ei slik åtvaring er det all grunn til. Juletregang, julesong og andre juleaktivitetar er kultur. Å gå til skulegudsteneste er òg kultur. Det handlar om at vi har ein tusen årig kristen tradisjon i dette landet som har prega kulturen vår lik lenge. Overdriver vi jaget etter livssynsnøytralitet, er eg redd vi bokstaveleg tala kastar barnet ut med badevatnet – ei godt bilete no i adventstida! Det blir sett likheitsteikn mellom ikkje-religion og livssynsnøytralitet. Berre vi fjernar alle symbol, alle teikn og aktivitetar som kan minne om religion (les kristendommen), så trur vi at vi er livssynsnøytrale. Men ikkje-religion er sjølvsagt ikkje meir livssynsnøytralt enn religion er det