Month: juli 2015

Bispekandidatar i Sør-Hålogaland: Berre eitt syn

Posted on Updated on

Somme har kritisert at kandidatane til å bli ny biskop i Sør-Hålogaland reflekterer berre eitt syn på samlivsetiske spørsmål. Alle dei seks bispekandidatane er for likekjønna ekteskap. Det motsette synet – som gjerne blir omtala som det klassiske, konservative synet – er ikkje representert blant dei nominerte kandidatane.

Eg har tidlegare uttala at dersom eg skulle bli biskop, vil eg arbeide for at likekjønna par kan inngå ekteskap i kyrkja. Samstundes er eg oppteken av å respektere at det finst to syn i dette spørsmålet i kyrkja. Oppfatninga av likekjønna ekteskap har for meg prinsipiell karakter, slik dei som står for eit konservativ syn òg vil hevde for sin del. For meg handlar det om bibeltolking og om synet på historia. Det er avgjerande korleis Bibelen kan – og ikkje kan – nyttast i høve til vår eiga tid. Ein må skilje mellom ånd og bokstav i Bibelen. Han er ikkje ei lovbok som ein kan regulere alle menneskelege tilhøve ut frå. Bibelen må tolkast historisk, ut frå tida og konteksten dei forskjellige skriftene vart til i. Dessutan reknar den kristne trua med at Gud framleis skaper og opprettheld skaparverket. Ut frå denne føresetnaden høyrer også endringar med til skaparverket.

Det konservative synet på likekjønna samliv og ekteskap definerer eit bestemt historisk syn på ekteskap og familiemønster som ei guddommeleg ordning. Denne forma for ordningsteologi er problematisk ut frå ein historisk ståstad. For ein seier med det at ekteskapet på Paulus’ eller Luthers tid er nett slik som Gud meinte det skulle vere og har bestemt det frå æve av. Ein tek då ikkje omsyn til at verda er i stadig endring, men opphøyer visse historiske ordningar som guddommelege og dermed gyldige til alle tider.

Inngikk partnerskap og ble vigslet av prest Knut Kittelsaa        Halldis Mons¯ (t.v.) og Ann.Marie Rindberg i kirken etter  vielsen
Foto: Adresseavisen

I fleire stridsspørsmål har det same mønsteret vore synleg, til dømes i samband med kvinnefrigjeringa frå slutten av 1800-talet av. Kyrkja sine menn argumenterte mot kvinnefrigjeringa gjennom å vise til skaparordninga, til kvinna sin ”Ribbensnatur” og Skrifta. Likestilte kvinner var mot bibel og kristendom: Den frigjorte kvinna kunne ikkje reknast som kristen! Frå Stortingets talarstol tala antifeministen, biskop J. C. Heuch, mot den kvinnelege røysteretten. I følgje bibelen, hevda han, hadde kvinna ingen plass i det offentlege livet:

”Nei la oss dog ikke glemme, at så lenge Verden har bestått, har det været saa, og er det inntil denne Dag, at Sløret har været et Kledebon, som har hørt Kvinnen, ikke Mannen til, og at den som sønderriver Kvinnens Slør, gjør en frekk Gjerning.”

Sjølvsagt vil ingen i Den norske kyrkja i dag tenkje slik om kvinna sin plass i samfunnet. Også den gongen argumenterte dei konservative ut frå ei uforanderleg skaparordning. Dette utelukkar dermed ikkje at Gud kan uttrykkje viljen sin gjennom historiske ordningar og institusjonar. Ein sentral kristen tanke er at Gud skaper framleis. Gud skapte ikkje for så å trekkje seg bort frå skaparverket. Guds skaping skjer stadig. Det inneber at ordningane kan endrast. Guds fortsette skaping føreset nett endring. Den danske teologen Regin Prenter hevdar at ordningane ikkje er ”eviggyldige”, men er ordningar som Gud let oppstå i historia. Dermed er Guds ordningar underlagt historisk endring. Slik kan ein i vår tid forstå likekjønna ekteskap.

Likekjønna og ulikekjønna ekteskap har det meste til felles. To menneske har sagt ja til å vere trufaste og ansvarlege overfor kvarandre. Det grunnleggjande tilhøvet mellom to menneske er det same uavhengig av seksuell legning. Dette har ekteskapslova  teke konsekvensen av sidan 2009. Det bør òg kyrkja gjere gjennom å tillate likekjønna å inngå kyrkjeleg ekteskap.

Vikariatet som «ferieprest» i Lofoten er over

Posted on Updated on

Vikariatet som ”ferieprest” i Lofoten er over. Det har vore tre innhaldsrike veker, som gjekk altfor fort. Det er tid for å seie takk for meg for denne gongen. Takk til gode medarbeidarar, takk til kyrkjelydar og folket i Lofoten!

valberg02-med
Valberg kyrkje

Eg avslutta med to gudstenester 19. juli, i Buksnes og Valberg. I Valberg kyrkje er det alltid kyrkjekaffi når det er gudsteneste. Valberg er ei lita bygd med få møteplassar. Kyrkja og kyrkjekaffien blir eit viktig møtepunkt for mange. Det fekk eg oppleve i går. Dette handlar òg om ei viktig side ved kyrkja sin samfunnsfunksjon: å binde menneske saman i lokalsamfunnet. Men det krev at vi ikkje tenkjer for snevert om kyrkja. Kyrkja er meir enn eit trussamfunn, kristendommen meir enn ei ”personleg tru”. Kyrkja og kristendommen er viktige kulturfaktorar i samfunnet.

«Sendemenighet»

I desse tre vekene har eg òg hatt gudsteneste i ”heimekyrkja” Borge. Her vart eg òg ordinert for snart 25 år sidan. Biskop Fredrik Grønningsæter, som ordinerte meg, la vekt på at kyrkjelyden i Borge var ”sendemenigheten” min, og derfor var det òg naturleg at ordinasjonen fann stad i Borge kyrkje. ”Sendemenighet” eller sendekyrkjelyd synest eg er eit godt ord. Vi bør ta dette ordet i bruk og la det bli viktig for oss. I ei tid då rekruttering til kyrkjeleg teneste er ei aukande utfordring, treng vi i kyrkjelydane eit større fokus på ansvaret for å rekruttere medarbeidarar til kyrkjeleg utdanning og teneste. I dette ligg eit medvit om at kvar kyrkjelyd skal vere ein sendekyrkjelyd – med eit fokus på å inspirere unge i kyrkjelyden til kyrkjeleg teneste.

Wilse-Svolvær-kyrkje-1938
Svolvær kyrkje, foto: Wilse 1938
«en riktig merke-kirke»

Så har eg hatt gudsteneste i Svolvær kyrkje. Det var her eg starta vikariatet sist i juni. Svolvær kyrkje er resultat av at befolkninga gjorde ein stor innsats gjennom mange år for at byen skulle få eiga kyrkje. Vågan kyrkje, framleis Nord-Noregs største trebygning, vart av biskop Eivind Berggrav døypt Lofotkatedralen, var òg kyrkje for Svolvær. I 1934 innvigde Berggrav Svolvær kyrkje. ”I Svolvær er det blitt en riktig merke-kirke. Høit ligger den og med det bredt bryst ut mot fiskehavet, traust og lysende”, uttala biskopen ved det høvet.

I Stamsund kyrkje har eg hatt både vigsel og gravferder denne sommaren. Denne kyrkja er òg bygd på 1930-talet, innvigd av biskop Berggrav i 1937. Innviinga var ei av dei siste embetsgjerningane Berggrav gjorde før han reiste frå Hålogaland bispedømme for å byrje som biskop i Oslo.

Folkekyrkja står støtt

Før helga hadde Lofotposten eit oppslag om at medlemsprosenten i Den norske kyrkja går ned i Lofoten. På ti år har det vore ein markert nedgang. Samstundes er det verdt å notere seg at ein ligg godt over landsgjennomsnittet. Dåpsprosenten i fleire av Lofotkommunane ligg høgt over gjennomsnittet for landet som heilskap. Til dømes er talet for Vågan og Vestvågøy respektive 78 og 76 prosent. Flakstad og Moskenes har 120 respektive 100 prosent, noko som inneber at folk som har tilknyting til desse kommunane, men ikkje bur her, kjem hit for å døype borna sine. Konfirmasjonsprosenten er svært høg i fleire av kommunane: 100 prosent i Moskenes og på Værøy, 90 prosent på Røst. Konklusjonen er at folkekyrkja står sterkt i Lofoten.

   

Maktfordeling i ei ny kyrkjeordning

Posted on Updated on

Den norske kyrkja skal ikkje ha makt. Ho er ingen maktinstitusjon. Men lenge var det slik at staten og kyrkja si makt i mykje fall saman. No har Noreg ikkje lenger ein statsreligion. Den norske kyrkja skal finne sin veg skilt frå staten. Ho er inne i viktige prosessar når det gjeld vegval for ei framtidig kyrkjeordning.

Som bispekandidat til Sør-Hålogaland er eg oppteken av dei vala vi no gjer, fordi det handlar om kva for kyrkje vi skal ha i framtida. Som biskop ønskjer eg å vere med å påverke desse prosessane.

Maktfordelingsordning

Sjølv om kyrkja i det ytre ikkje skal ha makt, treng vi likevel å reflektere over korleis makt innanfor kyrkja skal fordelast i ny kyrkjeordning. Dette er eit sentralt prinsipielt spørsmål som gjeld maktfordelingsordninga i kyrkja.

IMG_0739
Hadsel kyrkje

Den norske kyrkja er organisert i ein dobbelt struktur, ein rådsstruktur og ein embetsstruktur. I det 20. hundreåret er det bygd ut ein rådsstruktur frå botn til topp i kyrkja, der medlemmane er demokratisk valde og i hovudsak omfattar lekfolk. I tillegg har Den norske kyrkja ein episkopal struktur (ei embetslinje), ordna som eit hierarki frå biskopen og nedover, og som representerer ei linje utanfor rådsstrukturen.

Denne to-delte strukturen representerer ein viktig maktbalanse i den kyrkjelege organisasjonen som det er viktig blir ført vidare i ei framtidlig kyrkjeordning. Prestetenesta sitt sjølvstende må framleis sikrast. Det same gjeld for bispetenesta. I kraft av ordinasjonen har presten eit fagleg sjølvstendig tenesteansvar.

Sentralisering av makt – eit demokratisk problem

Ei framtidig kyrkjeordning må sikre ei rimeleg fordeling av mynde og oppgåver mellom dei ulike nivåa og strukturane i kyrkjeskipnaden. Gjennom den komande verksemdsoverdraginga frå staten til Den norske kyrkja i og med skiljet mellom staten og kyrkja, skjer dei ei samling av makt og mynde i Kyrkjemøtet som kyrkja sitt øvste organ. Mynde som til no har vore fordelt på fleire instansar: regjering, Storting og Kyrkjemøte, blir ført over til Kyrkjemøtet. Dette gjev ein maktkonsentrasjon på nasjonalt nivå, utan at ein i same grad som tidlegare har organ som balanserer og korrigerer kvarandre.

Ein slik sentral maktkonsentrasjon er eit demokratisk problem. Representativiteten til Kyrkjemøtet blir med dette utfordra. Eit avgjerande spørsmål er korleis legitimiteten til Kyrkjemøtet som det øvste representative organet i Den norske kyrkja kan sikrast på best mogleg måte. Det er framleis viktig å arbeide for å auke deltakinga ved dei kyrkjelege vala. Kyrkjemøtets leke medlemmar bør veljast ved direkte val.

Nærleik til lokalbefolkninga

Ei sentralisering av makt på sentralt nivå i kyrkja er òg eit problem fordi det kan svekkje det lokale kyrkjelege nivået. I ei luthersk kyrkje er det eit vesentleg teologisk poeng at lokalkyrkjelyden (soknet), der evangeliet blir forkynt og sakramenta forvalta, er grunneininga. Derfor vil det vere viktig å hindre at det lokale nivået blir svekt i ei framtidig kyrkjeordning. Dette kan tale for å vurdere å endre fordelinga av oppgåver mellom ulike nivå i kyrkja i den framtidige kyrkjeordninga. Det er viktig å sikre maktfordeling i kyrkja og nærleik mellom Den norske kyrkja og lokalbefolkninga.

Sommarvikar heime i Lofoten

Posted on Updated on

borgekirk01-med
Dei heilage høgder på Borg.

Denne sommaren er eg så heldig å få vere vikarprest i tre veker i Lofoten, der eg kjem frå. Til og med i Borge kyrkje, der eg vart ordinert til prest for 25 år sidan (veslejulaftan i 1990). Det har vorte nokre sommarvikariat i Lofoten gjennom desse åra.

Borge kyrkje er ei flott og praktisk arbeidskyrkje, som ligg på toppen av dei heilage høgdene på Borg. Her er verkeleg eit historisk område – med Lofotr Vikingmuseum like ved. På 1980-talet vart dei gamle tuftene etter ein hovdinggard frå viktigtida avdekt – den største bygningen frå denne perioden i heile Norden (langhuset var 83 meter langt). På denne storgarden vart dei norrøne gudane dyrka. Her kan vi snakke om kultkontinuitet når kyrkjer vart reist i det same området. Mest truleg har det stått kyrkje her sidan mellomalderen. Den noverande kyrkja vart innvigd i 1987. Dei heilage høgdene på Borg viser kontinuitet frå norrøn religion til kristendommen. Vikingmuseet på Borg er eit levande museum, eit av dei mest gjesta i Nord-Noreg.

Mellom Borge kyrkje og Lofotr Vikingmuseum ligg prestegarden, bygd på 1920-talet. Det vil seie: han er ikkje prestegard lenger, men husar administrasjonen for vikingmuseet. Den gamle prestegarden låg på ei høgd skrått ovanfor – i same høgdelinja som vikinggarden og kyrkja. Berre litt av grunnmuren finst att.

Naturen i Lofoten er storslått. Borge kyrkje er felt inn i naturen med fjella i bakgrunnen – eit landemerke i vakre omgjevnader. Borge bygdebok har denne skildringa av kyrkja på høgda: ”Og foran oss ligger Borge kirke (…) Den løfter seg opp over omgivelsene og er lett å se, slik den ligger på en fri bakketopp med utsyn til alle kanter.”

borgekirk02-med
Borge kyrkje, innvigd 1987.

Det er sjeldan vindstille på høgda der kyrkja står. Storm og uver tek godt. Iallfall ei tidlegare kyrkje vart teken av stormen. Den førre kyrkja brann ned i 1983 grunna feil med det elektriske anlegget. Denne kyrkja var bygd i 1898, og her vart eg konfirmert i 1979.

Borge kyrkje er eit kulturbygg. Her blir halde mange konsertar. Nett no går Lofoten Internasjonale kammerfestival (LINK) føre seg, med sentrale musikarar frå inn- og utland. Dei fleste kyrkjene i Lofoten er konsertlokale i den dryge veka festivalen varar. Eit ypparleg døme på korleis kyrkje og kultur går hand i hand. Dette er folkekyrkje på sitt beste.

PICT0021
Borge gamle kyrkje, bygd 1898, brann til grunnen 1983.

Folkekyrkja møter ein òg gjennom dei kyrkjelege handlingane. Framleis sluttar lokalsamfunnet i stor grad opp ved gravferd. Både dåps- og konfirmasjonsprosenten er høg. Gjennom dei kyrkjelege handlingane møter ein framleis eit tverrsnitt av befolkninga.

Borge kyrkje ”løfter seg opp over omgivelsene” – det er kyrkja sin funksjon. Å skape ein himmel over menneska sine liv.