Reformasjon i fem hundre

Posted on Updated on

Til neste år, i 2017, skal Den norske kyrkja og dei lutherske søsterkyrkjene kring om i verda markere at det er fem hundre år sidan reformasjonen. Som startpunktet for reformasjonen reknar ein 31. oktober 1517, datoen då den tyske teologiprofessoren og munken Martin Luther (1483-1546) offentleggjorde sine 95 tesar mot avlaten. Nedanfor vil eg seie noko om jubileumsmarkeringar av reformasjonen gjennom hundreåra.

Reformasjonens startpunkt 1517

Reformasjonen innebar både religiøse og politiske omveltingar i Europa. Kristendommen vart kløyvd, dei evangeliske kyrkjene braut med Den romersk-katolske kyrkja. Luther tok eit oppgjer med fleire sider ved kyrkja. Han meinte at kyrkja hadde forvanska kristendommen og innført tradisjonar og praksisar som ikkje hadde grunnlag i Bibelen. Den einskilde truande hadde fridom i høve til det kyrkjelege hierarkiet og tradisjonane, meinte Luther. Han streka under frelsa ved Guds nåde åleine, og den einaste autoriteten for den truande var Bibelen.

Indbydelse_Reformations-Festen_1817_Krogh
I 1817 forfatta biskopane sendebrev til kyrkjelydane i høve reformasjonsfesten. Her er forsida av sendebrevet til biskop Mathias Bonsach Krogh i Nordlandene og Finnmarken. Riksarkivet i Oslo. Foto: H. Elstad.

Utgangspunktet var altså avlatstesane frå 1517. Men det hadde byrja før. Luther hadde førebudd kritikken mot Den romersk-katolske kyrkja gjennom teologisk arbeid knytt til førelesingar han heldt ved det nyskipa Universitetet i Wittenberg. Luthers oppgjer med kyrkja førte til at det vart sett i verk ein kjettarprosess mot han. Tankane hans spreidde seg i vide krinsar, og han fekk støtte frå dei tyske fyrstane. Eit vesentleg poeng hos Luther var at kyrkja ikkje skulle ha politisk makt. Fyrstane ønskte kontroll over kyrkja, som vart underordna staten.

Reformasjonsfestane – den første i 1617

Kvart hundre år sidan 1517 har dei lutherske kyrkjene gjennomført store jubelfestar for å minnast og feire reformasjonen. I Danmark-Noreg, der reformasjonen vart innført i 1536/37, vart den første reformasjonsfesten markert i 1617 med Sjællands biskop Hans Poulsen Resen i brodden. Jubileet vart gjennomført som ein takke- og minnefest ved København universitet og i alle kyrkjene. Grunntanken i festen var å hevde og verne uforkorta arven frå Luther. Resen hadde medverka til at den lutherske ortodoksien sigra i Danmark-Noreg – mot filipismen, den meir humanistisk orienterte retninga innanfor lutherdommen (oppkalla etter Philip Melanchton, Luthers nære medarbeidar). Tittelen på Resens jubelskrift var karakteristisk: Lutherus triumphans (den triumferande Luther).

1717

Den andre reformasjonsfesten i Danmark-Noreg fann stad i 1717, under den store nordiske krigen. Rett nok var det eit opphald i krigshandlingane som gjorde at ein kunne gjennomføre ein reformasjonsfest åtte dagar til ende! Også denne gongen vart jubileet høgtida som ein sigersfest for den reine lutherske læra, både ved Universitetet og i kyrkjene i riket. Det er høvesvis få kjelder som kan kaste ljos over den norske feiringa.

Kyrkjefest og universitetsfest

Den tredje reformasjonsfesten vart gjennomført etter at unionen mellom Danmark og Noreg var oppløyst. Noreg var i staden i ein union med Sverige. Det ser ut til å ha vore lite av utveksling mellom den norske og den svenske kyrkja i høve jubileet. Derimot såg ein til Danmark for førebilete for den norske feiringa i 1817. Jubileet vart ei lovprising av Luthers fortenester, og trass i at det kunne vere visse teologiske motsetnader innanfor presteskapet i tida, kom det ingen motsetnader fram i den norske reformasjonsfeiringa. Biskop Bech i Akershus tok initiativ til ein kommisjon som skulle førebu ein verdig “Høitideligholdelse” av “en Reformationsfest eller et Jubileum” i Noreg. Kongen godkjende kommisjonens framlegg 14. april 1817, og biskopane forfatta eit sendebrev til kyrkjelydane i kvart sitt stift. Den store festhøgtida vart halde i kyrkjene 31. oktober.

Reformasjonsfesten var òg ein universitetsfest. Noreg hadde nyleg fått sitt eige universitet, og reformasjonsfesten var det første større arrangement som Universitetet gjennomførte. Universitetsmarkeringa gjekk føre seg 3. november i katedralskolens store auditorium. Teologiprofessor S. B. Hersleb heldt festtalen og la vekt på fridomen som Luther og reformasjonen medførte. Tittelen på festtalen var forma som eit spørsmål: “Hvilken og hvordan er den Frihed, værdig den Christne, som Luther hævdede for sine Troesforvandte ved Reformationen?” Ved feiringa i 1817 vart reformasjonen framstilt som eit framsteg i kunnskap og opplysning, ein overgang frå mørket til ljoset – eit uttrykk for at tenkinga i tida framleis var prega av opplysninga.

Mindeskrift_1917
Utkast til en norsk kirkeordinans (1604) Minneskrift i samband med reformasjonens 400-års jubileum i 1917. Det var redigert av Oluf Kolsrud med innleiing av biskopane i Den norske kyrkja.

Det fjerde reformasjonsjubileet fann stad under første verdskrigen, og må vel seiast å ha kome noko i skuggen av krigen. Det var gudsteneste i alle kyrkjene i landet. I Kristiania preika biskop Jens Tandberg i domkyrkja og ”mindedes Luthers store livsverk og dets betydning for kirken og kristenlivet i de forløpne 400 aar. Luther var et redskap i Guds haand til aandelig fremgang for menneskene”. Universitetet heldt minnefest i Aulaen, der òg kongefamilien var til stades. Kantate av Theodor Caspari og Hjalmar Borgstrøm vart framført, og professor i kyrkjehistorie Andreas Brandrud gav “et historisk overblik over Luthers gjerning”, medan Fredrik Paaske skildra “Luthers personlighet”. Som det einaste fakultetet utnemnde Det teologiske fakultet ved dette høvet æresdoktorar: professorane Valdemar Ammundsen, København, og H. Holmquist, Lund. Rektor Bredo Morgenstierne stod for doktorpromosjonen og avslutta minnefesten.

I 1917 gav Norsk Teologisk Tidsskrift ut ei “Jubilæumsutgave” med avhandlingar av professorane ved Det teologiske fakultet. Oluf Kolsrud, seinare professor i kyrkjehistorie, var blant dei mest aktive frå fakultetet i samband med jubileet. Han skreiv om reformasjonsjubileet i 1817, stod for utgjevinga av Utkast til en norsk kirkeordinans. Minneskrift 1917 med innleiing av biskopane i Den norske kyrkja. Han gav dessutan ut saman med kollega Andreas Brandrud 32 preikar av superintendent Jens Nilssøn, som verka i Oslo og Hamar bispedømme frå 1580 til 1600.

Både i 1817 og 1917 vart reformasjonen markert som ei sak både for Universitetet og for kyrkja. Tilsette ved Det teologiske fakultet tok gjerne del begge stader. Slik vil det òg vere ved reformasjonsmarkeringa til neste år. Universitetet i Oslo vil markere reformasjonen mellom anna ved eit seminar og ei førelesingsrekkje i Gamle Festsal, og Det teologiske fakultet vil på ulike måtar markere jubileet både gjennom forsking, undervisning og formidling.

 

Kommenter innlegget