Ny bok: Nord-Noreg og 1814

Posted on Updated on

200-årsjubileet for Grunnlova vart markert over heile landet i 2014. I litteraturen om 1814 har Nord-Noreg fått ein marginal plass, i første rekkje fordi landsdelen ikkje var representert verken på Eidsvoll-forsamlinga eller på omframstortinget om hausten. Ingen frå landsdelen var såleis med på å forme ut Grunnlova, velje Christian Frederik til konge over eit sjølvstendig norsk kongerike eller forhandle vilkåra for unionen med Sverige.

3e408c63d2787d6b4db46c96f615eae2I den heilt ferske boka Nord-Norge og 1814 – med eller utenfor? – utgjeven på Orkana forlag og redigert av Tor Helge Allern og Einar Niemi – blir det derimot streka under at Nord-Noreg ikkje stod utanfor hendingane i merkeåret 1814. Landsdelen tok del i førebuingane til riksforsamlinga på Eidsvoll på linje med landet elles. Det vart kunngjort og gjennomført ekstraordinær bededagsgudsteneste med eidgjering og val i alle hovudkyrkjene i landsdelen. Ut frå kjeldene er det ingenting som tyder på at den nordnorske befolkninga var mindre patriotiske enn dei lenger sør.

Boka som her er basert på ny og til no lite publisert forsking. Sjølv har eg skrive om kyrkja si rolle i Nord-Noreg i samband med hendingane i 1814. Kyrkja hadde her den same rolla som i sør. Den første biskopen i Nordlandene og Finnmarken, Mathias B. Krogh, og prestane kring om i stiftet var viktige patriotiske agitatorar. Den særskilte bededagsbøna var formulert av biskop Krogh, og vart framsagt ved bededagsgudstenesta i alle kyrkjene i landsdelen. Patriotisme og hylling av prins Christian Frederik kjenneteikna bøna:

”Gud! vor Gud! hvor høitidelig er denne Dag for os! Du har skjænket os en Regent og en Fader, som vil deele Nød og Farer med os, som vil opofre Alt for at redde dit Folk fra Undergang, efterat vi vare forladte og givne til Priis for vore Fiender! Med rørte Hjerter takke vi Dig for Din Bevarelse indtil dette Øieblik! Lad de gamle Dage vende tilbage, o Herre! da Enighed og sand Fædrenelandskjerlighed forbandt Alle som een Mand at værge for Norges Ære! Vær Du vor Trøst og vor Tillid, som Du var vore Fædres!”

Tida var for knapp til at Nord-Noreg fekk sendt representantar til Eidsvoll-forsamlinga. Men landsdelen var på alle måtar integrert i den allmenne stemninga som rådde i Noreg vinteren og våren 1814. Nord-Noreg var med!

 

 

Kommenter innlegget