Påsketradisjonar

Posted on Updated on

Det er knytt mange folkelege tradisjonar til påskehøgtida. Den norske folketradisjonen inneheld vesentleg kristne element, men her er òg tradisjonsgods attende til heidensk tid.

7029411111_1249712d3b_z
Glædelig Paaske! Postkort frå om lag 1922. Eigar: Nasjonalbiblioteket.

Palmesøndag

Palmesøndag innleier den stille veka, og har namnet sitt til minne om Kristi inntog i Jerusalem då folk braut palmekvistar og strødde framfor han på vegen. Dagen er fattig på særskilde skikkar og tradisjonar. Men i katolsk tid vart inntoget i Jerusalem dramatisert i kyrkjas liturgi. Ein hadde «palmar» av blomsterkvistar av selje eller andre piletre. En kunne òg gå i prosesjon i gatene og kring åker og eng, ofte under bibelske hyllingsrop: “Hosianna, Davids son!” Etter prosesjonen vart «palmane» tekne med heim og nytta til vern mot ulukker på folk og fe. I luthersk tradisjon vart dei visuelle liturgiske innslaga palmesøndag tidleg borte. I staden fekk ein den skriftforklarande, oppbyggelege preika. I vår tid kan det sjå ut som ein får ei nyorientering ved at “palmar” og “palmeprosesjonar” er på veg tilbake i kyrkjas gudsteneste palmesøndag.

Skjærtorsdag

Den første eigentlege heilagdagen i den stille veka er skjærtorsdag. Grunnordet i namnet er «skir», som tyder å døype og reinse. Opphavet til namnet på dagen finn ein truleg i det som hende den første skjærtorsdag: Jesus tok vatn og vaska føtene til disiplane sine. Jesu innstifting av nattverden må òg reknast som ein åndeleg reinsingssermoni. Den same tanken kjem fram i den katolske trua på skjærselden. I Noreg var det ikkje vanleg å ha barnedåp på skjærtorsdagen. Derimot var det skikk mange stader at dei gav nyfødde husdyr namn med ein sermoni lik den for barnedåp i kyrkja. Sermonien skulle verne dyra mot naturlege og overnaturlege fiendar, mot trollskap og vondt.

I følgje folketradisjonen skulle særleg heksene ha stor makt på skjærtorsdag. I så måte var dette ein uhyggeleg dag. Ei heks eller trollkjerring kunne øve trolldom, dvs. påverke gangen i naturen og føre vondt på folk og fe, fordi ho stod i samband med vonde makter, særleg djevelen. Ein kunne verne seg mot heksene på forskjellige måtar. Mellom anna var det vernekraft i krossen – og i sopelimen, heksene sitt eige framkomstmiddel. Det var vanleg å leggje ein sopelime utanfor døra. Tanken var at korkje trollkjerringar eller anna vondt kunne gå over sopelimen. Ein kunne kjenne trollkjerringane på at dei med foten slengde til side sopelimen framfor døra før det gjekk inn i huset. Dersom heksa ikkje fann nokon sopelime å ri på, kunne ho ri på andre ting, ein hest eller ei ku, og det var mykje verre. Difor var skikken å sette ein eller fleire sopelimar utanfor kjøkken- eller fjøsdøra skjærtorsdag til bruk for trollkjerringane. Ein annan måte å verje seg mot heksene på, var å ringje med kyrkjeklokkene.

Det var skikk over alt at folk tok på seg finstasen og gjekk i kyrkja. Skjærtorsdag gjekk mange til nattverd, ofte fleire hundre om gongen i same kyrkja. I gamal tid var det vanleg at alle dei som var konfirmerte, gjekk til alters ein eller to gonger om året, gjerne ein gong om våren (i påska) og ein gong om hausten.

Langfredag

Den viktigaste dagen i folkeleg påsketradisjon er langfredag. Dagen har fått namnet sitt etter Kristi lange liding. Det var ein sørgjedag, og ingen måtte vere glad. Ein måtte halde seg i ro, ikkje gå på vitjing, drive med moro eller leik. Alvoret, fasta og sjølvpininga nådde sitt høgdepunkt denne dagen. Mange stader firte dei flagget på halv stong, og somme tok sørgjeklede på. Både folk og fe skulle faste og på den måten lide med Kristus.

Ein noko merkeleg skikk var langfredagspiskinga. Borna kunne få smake riset denne dagen. I si siste levetid vart skikken med rising berre skjemt og moro. Då var det gjerne den som stod først opp om morgonen som hadde lov til å rise dei andre familiemedlemmane. Føremålet med skikken var opphavleg å minne om Kristi liding, direkte knytt til bibelordet om piskinga av Jesus: “Då gav han dei Barabbas fri, men han lét Jesus verta piska og gav han over til krossfesting” (Matt. 27,26).

Ein annan måte å identifisere seg med Kristus, var gjennom det såkalla langfredagsarbeidet. I tillegg til å faste skulle ein langfredag bruke alle kreftene sine og plage seg sjølv med hardt arbeid. Eit typisk langfredagsarbeid var å køyre møkk. Fleire oppteikningar seier at det var vanleg å køyre møkk på åkeren denne dagen, og for å plage seg sjølv mest mogleg, gjekk ein med møkk eller sand i skoa.

Påskeaftan

Påskelaurdag starta førebuinga til den glade tida. Under katolisismen hadde det vore skikk at presten på denne dagen velsigna bøndene sine matvarer og såkorn. Ein skikk som levde høvesvis lenge var påskeskotet eller påskesmellet påskeaftan. Det var lausskot som vart fyrt av i lufta med pistolar og børser, eller kruttkjerringar som eksploderte. Denne skikken har vore godt kjend i Noreg òg i nyare tid. Opphavleg var dette for å skremme hekser og trollkjerringar bort frå husa.

18699093950_7d58b9daa2_z
Påskekort med kyrkjeklokke og små englar, frå om lag 1930. Eigar: Nasjonalbiblioteket.

Påskedagen

Med sjølve påskedagen vart alvoret snudd til glede. Ennå midt på 1800-talet var det vanleg at folk heldt påskevake, det vil seie at “man vaager den hellige Nat før Festen og tilbringer den med hellig Læsning og Sang.”  Frå tidleg om morgonen var folk på føtene for å sjå sola når ho stod opp, for påskemorgon meinte folk at ho “leika” på himmelen og dansa av glede over Kristi oppstode. Ein samla seg gjerne på høgder i landskapet. Særleg bygdeungdommen nytta høvet til å møtast påskemorgon til ulike aktivitetar. Somme stader kunne ungdommen helse solrenninga på fjellet ved å syngje påskesalmar. Skikken med å samlast til song og spill på åsar og toppar ved soloppgang påskemorgon heldt fram også etter at folketrua på “soldansen” døydde ut.

Påskedag var fastetida over. Ein kunne no unne seg god mat, til dømes rømmegraut med lefse og kjøtmat til middag. Somme stader hadde ein påskeegg. Men denne skikken er truleg ikkje gammal i Noreg. Egg hadde status som høgtidsmat, og bruken av påskeegg vart først kjend i by- og embetsmannsmiljø. Egg vart ikkje berre nytta til festmat påskedagen; ein hadde òg egg som var farga i forskjellige fargar, stundom med innskrift. Egga kunne ein gje bort som gåve. Dette var vanleg mellom gifteferdig ungdom: “Påskedagen tok gjentene med seg eit egg når dei reiste til kyrkja. Dei bar det under kleda innåt nakne skinnet på brystet. Etter gudstenesta gav dei egget til den guten dei elska, og sume gonger fekk guten lov til å ta egget sjølv. Sume hadde farga dette egget.” Påskeegget høyrde med til kurtisen mellom gut og jente. Ein kunne òg bruke egg i ulike barneleikar.

Egget hadde òg ei religiøs tyding. I førkristen tid var det symbol på sjølve skapingsunderet og livskrafta og det frambrytande livet i naturen. I kristen tid vart egget symbol på oppstoda og teke i bruk i forkynninga. Ein har til dømes bilete som syner den oppstadne Kristus som stig opp frå eit knust egg. Skikken med påskeegg er ein av mange som syner den kristne kyrkas strategi: ho fylte gamle heidenske førestillingar og gav dei nytt innhald. Det var snakk om ein prosess som til slutt førte til at skikkane vart omforma eller kom heilt bort.

Men kyrkje og kristendom skapte mange tradisjonar, og då særleg i samband med gudsteneste og kyrkjegang. 1. påskedag var den store høgtidsdagen. Denne dagen samla fleire nordmenn til gudsteneste enn noka anna høgtidshelg. Det var ei betre årstid for kyrkjeferd enn i jula. Då var det tid for å leggje bort sørgjekleda og kle seg til fest i den finaste stas. Påskedag har utan tvil hatt mykje å seie for folk sitt religiøse liv.

Kommenter innlegget