Mellom Hauge og Grundtvig. Berge Furre som kyrkjehistorikar

Posted on Updated on

Blogginnlegget mitt denne gongen er eit utdrag av ein tekst av Dag Thorkildsen og meg, der vi freistar å karakterisere Berge Furre som kyrkjehistorikar. Det er med sorg vi har motteke meldinga om at Berge er død. Med han er ein god kollega og ein viktig person for Det teologiske fakultet borte. Berge vart kalla til fakultetet i 1991 som professor i teologi (kyrkjehistorie) og gjekk av for aldersgrensa i 2007.

Berge-Furre.ashx
Berge Furre. Foto: Jon Petter Reinertsen, Samfoto

Som teolog og kyrkjehistorikar var Furre oppteken av mange forskjellige emne, som mjølk, spionasje, vekking, nykarismatikk, Brasil og dei jord­lause, oversynsverk over nyare norsk historie, og korleis sundagen var før i tida. Då han kom til fakultetet i 1991 hadde han ei karriere med stor innverknad attom seg i politikken og som faghistorikar. På fakultetet vart han ein skatta førelesar, ja, ein må kunne seie at han var ein av dei siste folketalarane våre, ein retorikkens meister som på ein sjeldan måte evna å fengje dei som høyrde på. Han hadde eit smittande fagleg engasjement, og var ein støttande og inspirerande vegleiar. Han var ein utra­di­sjonell, mangfaldig og fargerik kollega og lærar.

Han kom attende

Å kome til TF i 1991, var for Berge Furre å kome attende. Midt på 50-talet hadde han som ung student byrja med teologiske studiar, men vart fanga inn av historievitskapen og politikken. Då han vende attende til TF var det som teologiprofessor. Han hadde lagt eit solid fagleg grunnlag for det framfor alt den ruvande biografien om presten, politikaren, vekkingspredikanten, journalisten og gründaren Lars Ofte­dal – grundig, djuptpløyande. Karakteristisk for Berges faglege arbeid var at han evna balansen mellom detaljane og det store oversynet. For ikkje å snakke om språket og språkføringa, slik berre han kunne skrive på velklingjande nynorsk, rik på bilete og metaforar. Gjennom språket fanga han lesaren og trekte han inn i skildringa. Berge var ein framifrå forteljar, han gav historia liv. Verket om Oftedal er meir enn ein biografi, det er òg ei fordjuping i den norske kulturhistoria i perioden. Verket syner eit viktig tema i Berge Furres kyrkjehistoriske forsking: lekmannsrørsla og vekkingane. Han gjev eit sym­patisk og skjønnsamt bilete av Oftedal, men den kritiske avstanden er der heile tida.

Furre som vekkingsforskar

Som vekkingsforskar har Berge Furre òg arbeidd med tolkinga av Hans Nielsen Hauge. I Furres forfattar­skap syntest Hans Nielsen Hauge å ha vore sjølve helten. Furre fortalde at han ikkje heldt eit einaste føredrag under EU-kampen i 1994 utan å tale om Hauge når han skulle forklare det egalitære verdi­grunnlaget som pregar landet vårt. Vidare stilte han det retoriske spørs­målet: Kanskje var Hauge den eine store revolu­sjonære i vår historie? Ut frå samanhengen syntest han sjølv å ha svara eit eintydig ja på spørsmålet.

Som kyrkjehistorikar stod Berge Furre i ein fagleg kontinuitet som strekte seg over hundre år attende i tida. Den første professoren i norsk kyrkjehistorie var Anton Christian Bang i 1884. Som Furre var han svært interessert i landsmålet og freista i 1868 å omsetje evangeliet for juledagen til landsmål. Over­setjinga var ikkje særleg vellukka og hadde som overskrift: ”Gudspjallet å fyrste Jola­dagen”. Men Bang var òg ein god ven av Aasmund Olavsson Vinje. Då Vinje var alvorleg sjuk og låg på Riks­­­hospitalet, rømde han til slutt til Bang som var prest på Gran. Der døydde Vinje og der er han gravlagt. Bang forretta gravferda og refsa samtida for ikkje å ha skjøna Vinjes storleik. Men til skilnad frå Furre var Bang medlem av Høgre og vart minister i Emil Stangs andre regjering i 1893. Regjeringa måtte gå i 1895, og Venstre på Stortinget nytta høvet til å straffe han gjennom å dra inn pengane til professoratet hans.

Bang var den første som med eit vitskapeleg ut­gangspunkt interesserte seg for Hans Nielsen Hauge og vekkinga han skapte. I 1874 gav han ut Hans Nielsen Hauge og hans samtid. Et Tidsbillede fra om­kring aar 1800. Her ufarleg­gjer Bang på mange måtar Hauge. Han tolkar Hauge og tilhengjarane hans slik at det først og fremst var dei rasjonalistiske prestane og deira dårlege forkynning dei kriti­serte. Vidare var det desse prestane som ønskte å få stoppa Hauges omreisande forkynnarverksemd fordi det var prestane sin einerett ifølgje lovgjevinga. Berge Furre er ikkje heilt usamd med Bang. For han har skrive eit større kapittel om korleis prestane var dei verste, og at dei alt i Hauges skrift Verdens Daar­lighed frå 1796 får gjennomgå for grove lastar som grådigskap, æresjuke, hykleri osb. Derfor var det ganske modig av Berge Furre at han sjølv tok praktisk-teologisk seminar i 1998 og vart ordinert til prest, og mellom anna vikarierte som prest i Hasvik i Finnmark. Eller var det kanskje slik at vekkinga sine formaningar og enga­sjement hadde innteke preikestolen? I ei av Furres preiker frå 1985 heiter det:

”Ordet frelse kjennest vel sært og litt klamt for mange. Men på norsk er det eit ord frå tider langt tilbake då der fanst slavar: Når slaven vart sett fri, vart lenka teken av hans hals. Han kunne retta nakken. Han var frihalsa – det er det frelst betyr. Men fyrst og fremst tyder frelse å gjera heil – bøta både den ufridom og naud som råkar kropp og den som råkar sinn – altså heile mennesket.

Frå fyrste stund var Jesu lære farleg for dei mektige – så farleg at Jesus fekk dødsdom. Og det som skremte mest var at han, og dei som fylgde han, retta nakken, stod som frie menneske midt i ufridomen – utan frykt for uretten og det vonde. Ikkje ein gong dødens grense bøygde han seg for.

Men då dom og terror og drap ikkje var nok til å stansa den nye farsotten blant fattigfolk, galdt det for dei mektige å få kristendomen under kontroll, vri han til eit reiskap for makta.”

Sjølv om Furre i ein viss grad kan dele Bangs syn på prestane på Hauges tid, så deler han ikkje resten av Bangs nokså ufarlege Hauge-bilete. Her står Furre i den radikale tradisjo­nen frå historikaren Halvdan Koht. Han tolka Hauge i ljos av Lofthus-opprøret og norsk bondereising. Som kjend døydde bondeføraren Kristian Lofthus i løynd fangenskap på Akershus i 1797, altså året etter at Hans Nielsen Hauge hadde hatt si mystiske oppleving og hadde byrja å forkynne offentleg. Det er derfor ikkje vanskeleg å tenkje seg korleis embets­mennene med presten, lensmannen og amtmannen i brodden tolka Hauge og forkynnar­verksemda hans. Her kom det endå ein farleg “Lofthus” som det gjaldt å bringe til togn.

Furres Hauge-bilete: Hauge som radikalar

Kohts Haugebilete vart rett nok ikkje ståande uimotsagt. Sverre Steen freista å gjere han til prototypen på den gode borgaren, og i nyare tid følgde Francis Sejersted opp eit slikt borgarleg Hauge-bilete. Dermed har det vorte skipa det ein kan kalle ein venstre- og ein høgre-tradisjon i tolk­inga av Hauge og verksemda hans, nett som når det gjeld Henrik Wergeland. I denne kontroversen har Furre bygd opp under venstre-tradisjonen. Han omtalar Hauge som ein ”stats- og samfunnsfiende” og greier ut om korleis Hauge og tilhengjarane hans braut med den sosiale orden under eineveldet. Furre grunngjev dette mellom anna gjennom eit favorittsitat frå Hauge sjølv: ”Vi anseer ikke personer”. Difor var alle ”under den same dom og avhengige av den same nåde – same kva status dei hadde i eineveldet og standssamfunnet. Det galdt bonde som husmann, prest som kakse”.

Furre peikar med glede på at det mest dramatiske hos Hauge var at han tilkjende kvinner retten til følgje Guds kall og forkynne offentleg. Han gjengjev òg den velkjente førespurnaden om det var forsvarleg å la Sara Ousten frå Tolga reise rundt og forkynne. Hauges svar var ja. Men Hauge gjekk endå lengre då han i 1802 oppnemnde 31 tilsynsmenn i rørsla. For seks av desse var kvinner og hadde om lag same funksjon innanfor Hauge-rørsla som biskopane hadde i kyrkja.

Den haugianske vekkinga var prega av tungsinn, kulturskeptisisme og individualisme. Omvending var ei alvorleg sak. Difor skulle ein gå eit par år og angre syndene sine før det kunne bli snakk og ei omvending og eit nytt liv. Difor er nok Grundtvig og grundtvigianismen som i samtida gjerne vart kalla den glade kristendomen, ein vel så viktig faktor for å karakterisere Berge Furre som teolog. For også grundtvigianismen er rekna som ei av vekkingane og dei store folkerørslene på 1800-talet i dansk kyrkjehistorieskriving. Det er til klår skilnad frå korleis dette er handsama i norsk samanheng, der ein har vore mest oppteken av kampen mellom johnsonianarar og grundtvigianarar, og som enda med at grundtvigianarane vart fordrivne frå kyrkjelivet, men erobra skulen.

Demringstid for kyrkja – ”Kvinners rett til embete, altar og preikestol”

Den siste vitskaplege artikkelen Berge Furre skreiv var i samband med 50-årsjubileet for den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja i 2011. Han gav artikkelen tittelen: ”Kvinners rett til embete, altar og preikestol”, og skildra utviklinga frå striden i 1930-åra fram til ordinasjonen og utnemninga av Ingrid Bjerkås. Han skildra ei demringstid for Den norske kyrkja, og synte korleis kvinners rett måtte kjempast fram steg for steg. Det tok tid, for det stod både om politikk og teologi. Men etter kvart tok stadig fleire til å sjå kvinners tilgjenge til embete, altar og preikestol var ein menneskerett og ein kvinnerett. Og han synte at det var politikarane som til slutt rydda vegen for å gje kvinner tilgjenge til prestestilling på linje med menn – i 1956. Demringstida hadde vorte til gjennombrot. Vi let Berge sjølv få siste ordet når han skildrar ordinasjonen av Bjerkås:

”Det var sol over bygdene. Ein ny dag hadde spreidd seg kring i landet – og varsla om det som skulle koma. Gradvis hadde det vorte klårt og ope: Det gjekk mot den fyrste kvinnepresten! Så kom det avgjerande løftet: Biskop Schjelderup opna for ordinasjon – i Hamar, bispedømet hans. 19. mars 1961 kunne Ingrid Bjerkås stille i kappe og krage i det store romet i Vang kyrkje til ordinasjon. Her vart den første kvinna ordinert – og herifrå kunne ho bera embetet – med biskopens signing og bøn.”

 

 

Kommenter innlegget