Gratulerer med jubileet bodøværingar!

Posted on Updated on

Gratulerer til Bodø og bodøværingane! Denne helga blir det feira to hundre års byjubileum. I 1816 vart Hundholmen gjort til kjøpstad (by) under namnet Bodø. Det var ikkje mange sjelene som hadde bustadadresse i Bodø den gongen, knappe 200. I dag er Bodø Nordlands ”hovudstad” og den nest største byen i Nord-Noreg med om lag 50 000 innbyggjarar.

For meg som opphavleg lofoting er Bodø først og fremst ein by eg kjem til og etter kort tid dreg i frå; ein transittstad på vegen til eller frå Lofoten. Og slik er det nok for mange. Ikkje minst turistane. Dei er på gjennomfart i Bodø, med hurtigruta, ferge, tog eller fly – på veg til eller frå Lofoten.

alstahaug_portrettbrodtekst
Biskop Mathias Bonsach Krogh

Ein biskop gjorde forskjellen

Bodø vart grunnlagt som by etter vedtak på det første ordinære Stortinget. Datoen var 20. mai 1816. På dette Stortinget var første gong nordlendingane var representerte i nasjonalforsamlinga. Representantane hadde sete saman sidan 1. juli 1815. Blant representantane på Nordlandsbenken var biskop Mathias Bonsach Krogh (1754-1828), den første biskopen i det nordlegaste bispedømmet, som vart skilt ut frå Trondheim i 1804. Som representant på det første Stortinget spela biskopen ei viktig rolle for landsdelen. Han tala Nordlands sak, og var særleg oppteken saker som gjaldt næringslivet i landsdelen. Han sat i Lagtinget og var formann i fleire komitear, blant anna i komiteen som førebudde saka om å gjere Bodø til kjøpstad.

Dette var ei sak som valforsamlinga som valde Nordlandsrepresentantane, òg hadde vore oppteken av. Og det var ei sak som Krogh hadde arbeidd for lenge og før han vart biskop. Då vedtaket kom i 1816, var det 22 år sidan Krogh for første gong offentleg hadde kome med “Forslag til en Kjøpstæds Anlæggelse paa Bodøe i Nordlandene”. I samband med dette uttala Krogh følgjande: ”Nordland er mig kjært. Det er mit fødested. Jeg nød der min ungdoms første gleder. Jeg har det enda å takke for mit opphold. Skulle jeg ikkje da bidra hva jeg kan til dets reddende oppkomst?”

Krogh var ein ekte nordlandspatriot. Han voks opp i Bø i Vesterålen, og han var seinare prest i Lofoten. Byhistorikaren Axel Coldevin seier at Krogh meir enn nokon annan skal ha æra for å ha ført bysaka i hamn. Men det var motkrefter. Bergensarane likte ikkje tanken. Dei frykta at dei ville miste mykje av nordlandshandelen. For Krogh og dei andre som kjempa for ein by i Nordland var det viktig med ein by som òg kunne drive handel til framande land, og ikkje berre vere ein ladestad (og avhengig av Bergen). Dette ville fremje næringslivet i ”Nordlandene”. Krogh meinte at nordlendingane måtte ut med for kostbar kreditt i Bergen, og dei tapte dessutan tid og pengar på at dei måtte frakte varane til dei utanlandske marknadene via Bergen.

Det har skjedd mykje sidan den gongen. Bodø har vorte ein moderne by, og er ein by i sterk utvikling. Byen er eit sentralt trafikknutepunkt i landsdelen, og har utvikla seg til eit viktig senter for handel, service, administrasjon og utdanning.

Gratulerer med byjubileet!

Kommenter innlegget